Annonse

Nytt søvnsenter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 Måndag tok Haukeland universitetssjukehus sitt nye Senter for søvnmedisin i mot sin første pasient. For første gong i Noreg er tverrfagleg kompetanse om søvnrelaterte sjukdommar samla på éin stad i eit sjukehus, melder Helse Bergen.

Før senteret opna var det tre fagavdelingar ved sjukehuset som dreiv utgreiing og behandling av søvnsjukdommar; Lungeavdelinga, Avdeling for Øyre-nase-hals og Nevrologisk avdeling. Desse tre avdelingane samarbeider om det nye senteret. I tillegg er det knytt ein psykiater til senteret. 

- Det er til nytte for både pasientar og fagfolk, seier senterleiar Bjørn Bjorvatn..

Alle pasientar som blir tilvist til Senter for søvnmedisin blir spurde om å delta i eit forskingsregister. Data frå til dømes søvnregistreringar, spørjeskjema, blodprøvar og eventuelle spyttprøvar vert lagt inn i registeret. Data frå seinare kontrollar vil òg bli tekne inn. Registeret vil danne eit viktig grunnlag for forsking på søvnsjukdommar. 

Powered by Labrador CMS