Forskar Pernilla Carlsson ved NIVA går i land frå Ebbaelva ved Petuniabukta, Svalbard, med ein prøvetakar for miljøgifter i handa. (Foto: Sverre Johansen)

Fryktar meir kvikksølv i arktisk vatn

Permafrosten tiner og isbreane smeltar, og konsekvensane for kystøkosystema i Arktis er usikre.

Norsk institutt for vassforsking (NIVA) leiar eit forskingsprosjekt som skal undersøkje korleis dei nye prosessane i grensa mellom land og hav kan påverke konsentrasjonane av kvikksølv, PCB og andre miljøgifter i dyrelivet langs Svalbardkysten.

– Det finst svært lite kunnskap om prosessane som skjer i kontaktflata mellom saltvatn og ferskvatn i Arktis, og difor veit vi òg lite om effekten av desse prosessane på økosystema ved kysten. Kombinasjonen av dette kunnskapsholet og dei store miljøendringane i Arktis gir grunn til bekymring.

Det seier Amanda Poste ved NIVA. Ho er leiar for eit prosjekt som skal tette igjen litt av dette kunnskapsholet.

Ein hovudhypotese for forskingsprosjektet er at dei auka mengdene ferskvatn og løyst organisk materiale frå land til vatn i framtida kjem til å føre til høgare konsentrasjonar av kvikksølv i det arktiske havet.

Gjennom feltarbeid, analysar på lab og databehandling skal prosjektet bidra med detaljert informasjon om mengda og karakteren til tilskotet av ferskvatn, sediment og løyst materiale frå land til hav på Svalbard, samt effekten dette har på fordelinga av energi og miljøgifter i den marine næringskjeda.

14 forskarar, syv mastergradsstudentar og éin doktorgradsstipendiat frå åtte ulike institutt og universitet i Noreg, Canada og USA er involverte i det NIVA-leia prosjektet.

Les meir om prosjektet på nettsidene til NIVA.

Powered by Labrador CMS