Protonterapi er ei form for stråle- behandling som gir mindre stråling til friskt vev enn vanleg stråleterapi, og truleg færre biverknader. Framtidig forsking avgjer kor stor plass denne type kreftbehandling vil få.
Kunnskapssenteret for helsetjenesten i FolkehelseinstituttetKunnskapssenteret for helsetjenesten iFolkehelseinstituttet
Det syner ein ny rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta som gjennomgår forsking om bruk av protonterapi mot kreft.
Presis stråling - færre biverknader
- Sidan protonterapi gjer det mogleg å avgrense stråledosen til ønska område i langt større grad enn tradisjonell strålebehandling vil ein venteleg få færre seinverknader, seier Dag Rune Olsen, fagleg leiar for rapporten.
- Den tillet og høgare stråledose, og dermed kan truleg fleire pasientar kurerast.
På grunn av desse eigenskapane, er protonterapi først og fremst eit tilbod i tilfeller der vanleg strålebehandling ikkje tillet store nok stråledosar av omsyn til friskt vev rundt kreftsvulsten.
Ikkje i Noreg
Stråleterapi står sentralt i behandling av kreft og er den behandlinga som nest etter kirurgi kurerer flest kreftpasientar.
Under protonbehandling blir positivt lada kjernepartiklar, protonar, skutt inn mot svulsten. Ved tradisjonell stråleterapi blir foton- eller elektronstråling brukt.
På verdsbasis er over 40 000 pasientar behandla med metoden. - Protonterapi er ikkje tilgjengeleg i Noreg, men eit fåtal norske pasientar er behandla i utlandet, fortel professoren.
Vanskeleg å samanlikne
Dag Rune Olsen.
Mange av pasientane som har fått protonterapi, er behandla ved grunnforskingslaboratorie, og ikkje ved kliniske einingar. Dette har avgrensa den kliniske forskinga.
- Det var difor vanskeleg å finne tilstrekkeleg med data for å slå fast i kor stor grad protonbehandling gir færre biverknader samanlikna med annan strålebehandling, seier Olsen.
- Får ein først stadfesta i kor stor grad protonterapi gir færre seinverknader enn tradisjonell stråleterapi, er det vanskeleg å sjå for seg kvar denne behandlinga ikkje kan være til hjelp.
Satsing i Norden
I Sverige er det nyleg vedteke å etablere eit nasjonalt senter for protonterapi, og i Danmark er ei analyse av behovet for protonterapi ute på høyring. Fleire sentra er under planlegging og bygging i EU.
Dersom ein legg svensk behovsanalyse til grunn, vil truleg mellom 1000 og 1200 norske pasientar kunne ha nytte av slik terapi. Trass i høgare investeringskostnader samanlikna med tradisjonell stråleterapi, viser ein svensk helseøkonomisk analyse at investeringar i eit slikt terapitilbod er samfunnsøkonomisk lønsamt.
Treng avklaring
Det vil truleg ikkje la seg gjere å kjøpe protonbehandling i stort omfang i utlandet. Skal norske pasientar nyte godt av eit slikt tilbod, må eit nasjonalt protonsenter etablerast i Noreg, meiner Olsen
Annonse
- Det tek i overkant av 5 år å planleggje og etablere eit protonsenter. Vi treng difor ei snarleg helsepolitisk avgjerd om protonbehandling er ei terapiform som det òg bør satsast på i Noreg, seier Olsen.
Behandlinga blei først teken i bruk for pasientar med kreft i auga, samt i hovud- og halsregionen. Seinare er metoden nytta rutinemessig eller eksperimentelt ved ei rekkje kreftdiagnosar, som til dømes brystkreft, lungekreft og prostatakreft.