Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.
Frå å vere ein slags kald ørken har Svalbard stø kurs mot eit fuktig, mildt klima der både permafrost, brear og sjøis spelar ei mindre rolle.(Foto: Premysl/Shutterstock/NTB)
No kan det bli strengare reglar på Svalbard
På Svalbard er klimaet i rask endring, og myndigheitene strammar inn for å ta vare på naturen. Skal du besøke øygruppa dei neste åra, bør du bu deg på strengare reglar.
– Global oppvarming er ulikt fordelt. Høg-Arktis, der Svalbard ligg, er i frontlinja for klimaendringane, seier
Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.
Klokka for oppvarming tikkar raskare på Svalbard enn dei fleste andre stader på kloden.
Frå å vere ein
slags kald ørken har øygruppa stø kurs mot eit fuktig, mildt klima der både
permafrost, brear og sjøis spelar ei mindre rolle. Alt no regnar det meir, det
er mildare og snøsesongen er alt tre veker kortare enn for 30 år sidan.
Klima som Danmark
I ein ny rapport samanfattar Dannevig og
forskarkollegaer ved Unis og Nordlandsforsking korleis dei raske klima- og
naturendringane kan slå ut for reiselivsnæringa på øygruppa.
Næringa går i stor grad ut på å tilby aktivitetar og opplevingar i arktisk villmark: hundekøyring, skuter- og båtturar, toppturar og
ekspedisjonar.
Til no har reiselivet stort sett opplevd
positive utslag, som at isen ikkje legg seg på fjordane. Det gir ein lengre
sesong for båtturar.
Men større endringar er på veg. Dels fordi myndigheitene vil
beskytte det skjøre plante- og dyrelivet mot den aukande turiststraumen. Dels fordi klimaendringane gradvis vil gjere Svalbard til ein annan stad enn
det er i dag.
– Ved slutten av hundreåret kan Svalbard
ha fått eit klima likt det Danmark har i dag. Om dette slår til, kjem an på kor
godt vi lukkast med å kutte klimagassutslepp, seier Dannevig.
Det første turistane vil merke, er mindre fridom
til å bevege seg rundt i landskapet. Folk vil ikkje lenger kunne ferdast der
dei vil.
– Artar som alt er sårbare, kan bli endå meir
sårbare som følgje av klimaendringane. Tanken er å minske den menneskelege
påverknaden, seier Dannevig.
Sjøfugl skal altså sleppe å bli forstyrra
av RIB-båtar, og svalbardrein som skal kalve, skal få meir fred.
Det vil gje turistane ein smalare meny av
langturar og færre turar med motoriserte køyretøy som snøskuter eller
firhjuling. Fleire må nøye seg med korte utflukter frå Longyearbyen, den
største busetnaden på øygruppa.
Ikkje i land kor som helst
Dei siste åra har stadig fleire av
turistane til Svalbard kome med cruiseskip. Forskarane kallar auken eksplosiv.
Særleg dei små ekspedisjonsskipa, som utforskar fjerne fjordar på Spitsbergen,
har hatt nokre gode år.
Annonse
I fjor kom 25.000 tilreisande med slike båtar. Dei
isfrie fjordane har gitt ein lengre vårsesong, og båtane har teke seg inn på
stader der dei før ikkje kunne gå.
– Eit særtrekk ved desse skipa er at
passasjerane går i land mange stader. Det vil myndigheitene setje ned foten
for. I tillegg til færre anløp, vil det kome ei grense for kor mange passasjerar
skipa kan ha når dei går inn i verna område, fortel Dannevig.
Større naturfare
I åra som kjem, vil myndigheitene at ein
eventuell auke i turismen skal skje i og rundt Longyearbyen i staden for fordelt over heile Svalbard.
Med fleire folk på ein stad og hyppigare
nedbør og mildvêr, må du rekne med at skredfare, flaum og stengde vegar førekjem
oftare og påverkar fleire turistar.
Dannevig og andre forskarar har intervjua
dei som driv med reiseliv, om kva dei venta klima- og naturendringane etter
kvart kan få å seie for den naturbaserte turismen.
– Meir nedbør gir fleire dagar med betydeleg og høg snøskredfare. Gjestene ved dei rimelegaste
overnattingstilboda må ofte evakuerast, seier Dannevig.
Mildare og kortare vintrar med regn om vinteren fører til fleire stengde vegar og ferdselsårer. Det hindrar snøskuterar,
hundespann og skiløparar i dalane. Desse problema vil tvinge fram tilpassingar
hos dei som tilbyr opplevingar til turistane, ikkje alle til det betre.
– Når snøen forsvinn frå låglandet og det
er mindre is på fjordane, blir skutertrafikken tvinga opp på breane. Der er det
større fare for bresprekker. Du er òg meir utsett for dårleg vêr og
«whiteout», fortel Dannevig.