Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Tinna Henriette Ringsaker (24) er på landslaget i vektløfting og har kvalifisert seg til EM i vinter. Ho opplever stadig å tisse på seg under hard styrketrening.

Tinna er open om urinlekkasje på trening: – Viktig å normalisere det

Over halvparten av utøvarane i fleire idrettar har opplevd urinlekkasje på trening og i konkurranse. Tinna Ringsaker er ei av dei, og det skjer ofte i ei veldig vanleg øving.

– Når eg tar knebøy kan eg seie, shit nå tissa eg på meg, til kompisane mine. Dei blir litt satt ut, men for meg er det viktig å snakke om og normalisere.

Tinna Henriette Ringsaker er vektløftar på landslaget og har akkurat kvalifisert seg til EM i Bulgaria. Ho er topptrent og har ikkje fødd barn.

Likevel opplever ho regelmessig urinlekkasjer når ho trenar styrke på treningssenteret.

Flaut og tabubelagt tema i idretten

– Mange trur det berre kan skje kvinner som har fødd. Men når eg snakkar med venninnene mine, er det lett å forstå at det er ganske vanleg for unge kvinner som ikkje har fødd også. Det er flaut og eit tabubelagt tema i idretten, men veldig viktig å normalisere, seier Tinna Ringsaker.

Landslagsutøvaren har høyrt historier og sett videoar der vektløftarkollegaer rett og slett har vore nøydd til å tørke opp plattforma dei løftar på, etter å ha vore uheldige under konkurranse.

Det er ingen tvil om at slike opplevingar kan få utøvarar til å legge opp lenge før dei hadde tenkt, meiner Ringsaker.

I ein av delstudiene var kvinner som frå før av dreiv med styrketrening, gjennom eit treningsprogram for bekkenbunn. Resultata viser at det kan vere positivt for å førebygge urinlekkasje.

Grunn til at mange kvinner sluttar med idrett

Ho får støtte av forskar Kristina Lindquist Skaug frå Norges idrettshøgskole (NIH). Ho har høyrt mange slike historier i sitt forskingsprosjekt.

Skaug har forska på nettopp urinlekkasje blant idrettsutøvarar og har mellom anna gjort spørjeundersøkingar blant utøvarar i turn, cheerleading, vektløfting og styrkeløft.

– Vi ser at dette kan vere grunnen til at nokre kvinner sluttar med idrettar eller kuttar ut aktivitetar som triggar urinlekkasje. Det kan vere ein stor barriere også for fysisk aktivitet og trening for alle kvinner, seier Skaug.

Ikkje uvanleg

Kristina Skaug har vore stipendiat på Institutt for idrettsmedisinsk institutt på NIH dei siste fire åra.

70 prosent av dei kvinnelege turnarane som var med i forskingsprosjektet, hadde opplevd det same som Tinna.

50 prosent av dei som dreiv med vektløfting og styrkeløft svarte også ja på spørsmålet om dei hadde opplevd urinlekkasje under trening.

Tala viser at dette er eit stort problem for kvinnelege utøvarar, spesielt i idrettar med støytkrefter frå bakken eller når trykket i buken aukar, fortel Skaug.

– Viss du er kvinne og trenar ganske tungt, er det absolutt ikkje uvanleg eller unormalt med urinlekkasje på noko måte. Men det finst moglegheiter for hjelp og tiltaka kan vere ganske enkle, seier Skaug.

Det er noko av det viktigaste ho vil formidle etter å ha jobba med dette prosjektet i fire år.

Sjølv er ho fysioterapeut og er glad i å trene CrossFit.

Når hoppetauet kjem fram der, veit ho at det er eit problem for mange av kvinnene ho trenar med.

– Vi må normalisere urinlekkasje under trening, men ikkje nødvendigvis akseptere det, meiner Skaug.

Utøvarar blei betre av bekkenbunnstrening

Men kvifor skjer det? Og kvifor skjer det ofte med utøvarar som løftar tungt?

– Det som skjer er at buktrykket blir høgt når ein løftar eller opplever støyt som i turn. Bekkenbunnen er plassert inni bekkenet og skal stå imot alle desse trykka. Viss du skal løfte 150 kilo, begynner trykket å bli såpass høgt at ikkje bekkenbunnen klarer å stå imot eller ikkje er sterk nok. Da kan urinlekkasje oppstå, forklarer Skaug.

Det skjer oftare i idrettar som har mykje støytbelastning, som turn der dei har harde landingar og løfteidrettane der dei har press eller trykk nedover. 

Det var også derfor forskaren valde nettopp å undersøke utøvarar frå nettopp desse idrettane.

– Er det da bekkenbunnstrening som kan hjelpe kvinner som Tinna å unngå urinlekkasje?

Forskarane undersøkte også ei gruppe med Functional Fitness-utøvarar i ein delstudie. Desse kvinnene hadde opplevd urinlekkasje. Ei av gruppene fekk treningsprogram med bekkenbunnstrening. Den andre heldt fram som før.

Målet var å sjå om det hadde effekt og gjorde at plagene blei mindre.

– Det var ein forskjell mellom gruppene. Effekten var ikkje veldig høg, men dei som trena bekkenbunn, blei betre enn dei som ikkje gjorde det.

Ikkje berre for gravide og kvinner som har fødd

Mange trur at bekkenbunnstrening er utelukkande for dei som er gravide eller har fødd, men det viser seg at det er det enklaste og beste tiltaket for deg som slit med urinlekkasje utan å ha født også, seier forskaren.

– Men du må følgje prinsippa for styrketrening viss det skal ha effekt. Du må gjere det skikkeleg og nok over ein lengre periode. Ta i hardt nok når du trekkjer saman desse musklane. Det er utfordringa for mange, seier Skaug.

Nå håpar ho at det blir jobba med å auke kunnskapen blant utøvarar og trenarar i dei mest utsette idrettane.

– Utøvarane som slit med desse plagene, treng å vite at dette er noko som det går an å søke hjelp for.

Redselen for urinlekkasje kan påverke prestasjonen

Vektløftar Tinna er langt ifrå overraska over forskingsfunna.

Det stemmer med hennar oppleving i miljøet. Både at det er mange som opplever det og få som snakkar om det.

Berre seks til sju prosent hadde snakka med helsepersonell om problemet, viser undersøkinga til Skaug.

Landslagsutøvaren, som jobbar på Sats i tillegg til satsinga, er også klar over at det er trening av bekkenbunn som må til.

– Eg burde sikkert vore mykje flinkare på det, men det er litt tiltak. Og det er nok mange som ikkje er heilt sikre på korleis ein gjer det og ikkje er klar over at det er viktig også for kvinner som ikkje er gravide, seier Ringsaker.

Det ho derimot er god til, er å snakke opent om problemet.

– Vi treningsvenninnene snakkar opent om at, oi nå tissa eg litt, når vi tar for eksempel markløft. Ved at vi er opne om det, håpar vi at det skal bli mindre tabu og sett på som meir normalt. For spesielt dei yngre jentene trur eg det er veldig viktig.

Sjølv kan ho også kjenne seg igjen i at det kan påverke prestasjonen.

– Om eg skal løfte i lysfarga tights, så kan eg absolutt kjenne på redselen for å tisse på meg. For meg skjer det oftast i støyt, markløft og knebøy. Da kan eg kjenne litt ekstra etter, fortel 24-åringen frå Oslo.

Kristina Lindquist Skaug disputerer på NIH 18. januar

Referanse:

Kristina Lindquist Skaug: Exercise and the Pelvic Floor (PDF). Doktoravhandling ved Norges idrettshøgskole, 2024.

Powered by Labrador CMS