Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

VR-briller og Nintendo i gymtimen? Ekspertar meiner det kan få fleire elevar med
Da Lars Harald Eide testa VR-briller med ungdomsskuleklassa si, fekk nokre av elevane ei heilt ny oppleving med gym. – Dei som vanlegvis ikkje vil delta, sa det var gøy å trene.
Å motivere ei klasse med heilt forskjellige føresetnadar for fysisk aktivitet er ei stor utfordring for alle kroppsøvingslærarar.
Kan digitale verktøy bidra for å motivere?
Lars Harald Eide, universitetslektor på Norges idrettshøgskole (NIH) og lærar på Jordal ungdomsskule i Oslo, har sett akkurat det når dei har gjort testar.
– Det me opplevde er at ein del av elevane som til vanleg sit stille fordi dei kanskje ikkje har lyst til å delta, får ei anna forståing gjennom bruk av digitale verktøy. Også blir dei med likevel, fortel han.
Må ikkje vere VR-briller og Nintendo
I det eine eksempelet fekk ei gruppe elevar bruke VR-briller og spele tennis og volleyball gjennom Nintendo Switch. Etterpå møtte dei resten av klassa som hadde hatt vanleg undervisning i volleyball.
– Da såg me at dei ikkje tenkte på dei som var rundt seg. Dei torde å prøve fordi det ikkje var nokon som såg dei, og dei såg ingen andre. Dei gjekk inn i ei virtuell verd der dei er for seg sjølv og kan utforske. Det var spennande å høyre elevar som vanlegvis sit på ein benk og ikkje vil delta, seie at i dag var det gøy å trene. Det var gøy å teste det ut, fortel Eide.

Men digitale verktøy i kroppsøving treng ikkje vere dyre VR-briller og spelkonsollar. Det har langt frå alle kommunar råd til å kjøpe inn.
– Det kan vere å bruke dansevideoar på YouTube, elevar som skriv treningslogg saman, smartklokke og andre verktøy på iPad og mobil, forklarer Eide.
Bør gymtimen vere ein av få skjermfrie arenaer?
Professor Aage Radmann fortel at forskinga på effekten av bruk av digitale verktøy spriker. Men ein ting er forskarane einig om.
– Det overordna målet med kroppsøving er jo å skape livslang bevegelsesglede. Da kan digitale verktøy vere viktig. Men ein er heilt avhengig av kompetansen til lærarane, seier Radmann.
– Kva seier de til den store debatten om skjermbruk i skulen. Bør ikkje kroppsøving vere ein av få arenaer utan skjerm?
– Det er det ikkje så lett å svare ja eller nei på. Men blir skjerm brukt pedagogisk, trur eg han har noko veldig for seg i skulen, svarar Radmann.
Han fortel at på skulen kan dei teste verktøy i trygge rammer og kan reflektere med elevar under og etter dei har testa det.
– Da får ein ei større forståing og kan reflektere over kvifor ein tar det i bruk. Det gjer ein nok ikkje på gamingrommet, seier professoren.
Fire tips til deg som kroppsøvingslærar
Eide seier han sjølv er skeptisk til bruk av skjerm i skulen. Men han trur det kan ha noko for seg om ein brukar det med omhug. Vidare trur han det er viktig om læraren reflekterer om bruken av skjerm kan skape læring, og ikkje berre blir brukt fordi det er spennande og gøy.
– Viss eg skal konkludere i dag, så trur eg det passar for å berike undervisninga. Eg trur ikkje det vil endre undervisninga i kroppsøving, men tilføre noko for dei elevane som har hamna litt utanfor og ikkje er dei idrettssterke.
Høyr heile episoden her: