Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

 – Eks-kjærasten til kona mi liknar på ein gresk gud

Uvisse i møte med partnarens seksuelle fortid er ein type frykt som er vanskeleg å snakke høgt om. 

Lennart Lorås og Jacob Cilius Vinsten Christiansen står side ved side foran en oransje, perforert vegg.
Forskarane Jacob Cilius Vinsten Christiansen (til venstre) og Lennart Lorås har sett på korleis frykta for partnarens seksuelle fortid arta seg i deira eige liv.
Publisert

For ei tid tilbake dreiv samlivsforskaren Lennart Lorås med ein ryddesjau heime hos seg.

I dette huset hadde han budd gjennom 12 år med kona si og dei to barna, eit av dei frå eit tidlegare forhold. Restane av felles levd liv hadde hopa seg opp.

Men inni det eine skapet dukka det opp eit gammalt foto frå før dette felles livet. På bildet såg han ein mann i berr overkropp med imponerande magemusklar. Langt meir imponerande enn hans eigne, syntest Lorås.

Dette var ein tidlegare kjærast av kona.

– Ikkje berre likna han på ein gresk gud. Han var i tillegg bildehoggar av yrke og oppteken av Nick Cave og andre melankolikarar, seier professoren.

– Mens her går eg kring og interesserer meg for parterapi og flugefiske.

Noko anna enn sjalusi

Å brått stå ansikt til ansikt med partnarens romantiske fortid på dette viset kan vere krevjande.

Dette er ei kjent sak blant familieterapeutar. Likevel har kunnskapen om emnet hittil vore mangelfull, meiner både Lorås frå Høgskulen på Vestlandet og Jacob Cilius Vinsten Christiansen frå UCL Erhvervsakademi og Professionshøjskole i Odense.

Saman har dei forska på kva det vil seie å gå rundt med vanskelege kjensler kring partnarens seksuelle fortid. Kva handlar dei kjenslene eigentleg om? Og korleis skal vi møte dei når dei først dukkar opp?

– Denne typen smerte har vanlegvis blitt forstått som ei form for sjalusi eller eigesjuke – ein indre hovudfeil som du berre må bli kvitt, seier Lorås.

– Men sjalusi er eit så negativt lada ord. Vi synst denne forståinga blir ei unødvendig sjukeleggjering av kjensler som er naturlege, og som mange kan kjenne seg igjen i.

Vi manglar eit språk for denne smerta

Christiansen og Lorås meiner det er snakk om langt meir samansette, komplekse kjensler. Å berre avskrive dei som ein type feil, blir for enkelt. Det er dessutan lite hjelpsamt overfor dei som strevar.

Dei bestemte seg difor for å utforske dette skumle territoriet gjennom å dykke ned i sine eigne erfaringar. Det kallast ein autoetnografisk studie. Metoden går ut på å skrive lengre refleksjonsnotat frå eige liv og sidan bruke teoretiske rammeverk til å tolke dei.

– Vi ville utforske eit indre, og det er vanskeleg å få tilgang til hos andre menneske. Difor brukte vi oss sjølve. Sjølvsagt i forståing med partnarane våre og utan å utlevere dei, seier Lorås.

For Christiansens del kjentast det presserande å komme til botns i dette temaet. Han trur at mange folk, og særleg menn, manglar eit språk for å snakke om denne typen smerte.

Å vise fram si eiga uvisse har blitt sett på som både usexy og umandig, trur han:

– Som mann skal ein liksom vere så sikker på seg sjølv – uovervinneleg. Då passar det dårleg å innrømme at du føler seg plaga av å vite ting om det tidlegare sexlivet til frua, seier han.

Å dumpe inn i eksar på byen

Som Lorås, har Christiansen også vore gift i mange år. Han har to barn med kona og tre frå eit tidlegare ekteskap.

Han kjenner seg trygg i forholdet han har no, har inga frykt for at dei skal gå ifrå kvarandre. Likevel finst det mykje usagt mellom dei kring tidlegare seksuelle erfaringar.

Det kjennest rett og slett svært risikabelt å snakke om.

For kva viss han får vite noko han helst ikkje vil vite om? Då er det ingen veg tilbake. Han kan jo ikkje i neste omgang bestemme seg for å gløyme det.

– Eg hatar ideen om at det finst ting eg og kona mi ikkje kan snakke om saman. Samstundes er eg livredd for kva som vil skje inni meg viss vi gjer det, seier han.

Ei slik type togn eller tabu i eit forhold kan forplante seg på fleire vis. Til dømes har paret merka det når dei er på byen saman.

Viss dei går ut til middag, og kona får auge på ein mann som ho har hatt ein relasjon til tidlegare i livet, eller som ein gong har lagt an på henne, kan det hende at ho nøler med å fortelje ektemannen om det.

– Ho blir i tvil om eg toler å høyre det. Og då kan stemninga bli litt merkeleg, seier Christiansen.

– Eg spør kanskje om noko er gale. Då forsikrar ho meg om at alt er bra, men eg skjønar likevel at det er noko ho teier om. Så blir eg usikker på henne. Noko som igjen kan føre til at ho blir usikker på meg. Så har vi det gåande.

Må ein vere open om alt?

Christiansen skildrar her eit klassisk problem: sirkulære dynamikkar i parforhold. Noko vanskeleg og usagt forplantar seg mellom kjærastane, og dei veit ikkje korleis dei skal snakke om det. Dermed veks det og blir stort og stygt.

Par bør vere opne med kvarandre om alt. Det har vore omkvedet i familieterapiens univers – nettopp for å unngå slike skadelege dynamikkar.

Men Lorås tenkjer noko anna.

– Det bør dei ikkje, for dei vil ikkje alltid kunne takle det, seier han.

– Kona mi har sagt at ho er tilgjengeleg for å snakke om erfaringar frå fortida, når eg ønsker det sjølv. Og det er vesentleg: at ho er villig til å dele, men at eg sjølv også kan velje når eg er klar for det.

Tilbake til restauranten og synet av den tidlegare flamma (eller ein som gjerne ville vore det):

Sjølv om kona til Christiansen held dette skjult for han, kan det vere rett val. Ho unngår å forstyrre ei hyggeleg stund. Og det kan godt vere at usikkerheita som der og då blussar opp mellom ektefellane, forsvinn av seg sjølv, som eit blaff.

Lysten til å springe vekk

Kvifor kan det gjere så vondt å høyre om seksuelle erfaringar som partnaren har hatt, sjølv om dei ligg langt tilbake i tid? Og sjølv om den tidlegare seksuelle partnaren ikkje er nokon trugsel mot kjærleiken her og no?

Christiansen meiner at det dreier seg om særleg ein mekanisme: Forteljingane skapar bilde i hovudet.

– Dei bilda blir raskt utbroderte av fantasien. Då kjennest det som at eg står og ser på at kjærasten min har sex med ein annan mann.

Grensa mellom fortid og notid blir oppheva. Fornufta som seier at dette var lenge sidan, og kanskje ikkje heilt sånn som han ser det føre seg, har inga kraft mot denne filmen som speler seg ut i hans indre.

– Kognitivt har eg ingen problem med at kona mi har hatt eit sexliv før ho møtte meg. Tvert imot er eg glad for det og ser på det som ein fordel. Likevel reagerer eg heilt fysisk på å førestille meg detaljane. Eg får lyst til å springe vekk.

Handlar ikkje om den andre mannen

Lorås kjenner seg godt igjen i desse kjenslemessige feilkoplingane som kan skje i møte med forteljingar frå partnarens romantiske fortid.

Det er slett ikkje sikkert at den greske guden var så fantastisk når det kjem til stykket. Likevel samanliknar han seg stadig med denne mannen og kjenner at han kjem til kort.

– Minna ho har med han frå den gongen, er slikt som eg aldri vil kunne oppleve med henne. Og det finst ei sorg der, seier Lorås.

Denne sorga er på mange vis djupt irrasjonell: Du samanliknar deg med noko du ikkje veit kva er og føler at du mister noko du aldri har hatt.

Difor ville det vere upresist å kalle det for sjalusi, meiner Christiansen:

– Dette handlar om forholdet du har til deg sjølv, ikkje til ein annan mann du konkurrerer med, meiner han.

– Du er redd for å ikkje vere god nok for kona di. Du kan tenkje noko slikt som: Kanskje er eg berre han ho enda opp med? Kanskje lengtar ho etter noko ho har hatt før?

Ingenting farleg skjer akkurat no

I dei vanskelege stundene, overvelda av destruktive tankar som dette, er det lite ein kan gjere med det som allereie har skjedd for lenge sidan.

Vonde kjensler plantar seg gjerne i kroppen: i lysten til å springe, som Christiansen kan få. Eller hendene som knyter seg, pusten som blir grunnare, magen som blir full av knutar.

– Då er det klokt å gå ned i kroppen og kjenne på kor smerta sit. Puste djupare, lausne knyttnevane, seier Christiansen.

Viss kona er med han når han blir overvelda på dette viset, kan han finne på å legge handa si på henne. Kjenne at ho framleis er der og at det framleis er dei to, saman.

– Slik forbind eg meg til no-tida. Og då kjennest ingenting så farleg lenger.

– Eg held meg berre til det du seier

Eit parforhold vil alltid vere ei form for balansegang, meiner Lorås. Dette er til hjelp å hugse på når noko blir krevjande. Begge må berre gjere alt dei kan for å leve trygt med ting, slik dei er.

Det er også lurt å sjå vekk frå korleis parliv blir framstilt i populærkulturen. Å samanlikne seg med eit abstrakt ideal om korleis kjærleiken bør sjå ut, er oftast både destruktivt og fåfengt:

– Det er veldig få ting vi må i eit parforhold. Vi må ikkje snakke om alt, og vi må ikkje ha sex så og så mange gongar i veka, seier han.

Dessutan varierer kjærleiksforhold over tid. Kjensla av nærleik bølgjer fram og tilbake, og innimellom kan lengselen også vere der. At dette er normalt, er viktig å hugse på.

Ein leveregel for par vil Lorås likevel tilby, som han meiner kan hjelpe mot alt vanskeleg:

– Eg held meg berre til det du seier. Ikkje til det eg trur du tenkjer. For straks eg begynner å tolke, veit eg at eg kjem til å ta feil.

Kilde

Lennart Lorås og Jacob Cilius Vinsten Christiansen: «My Penis is Probably Too Small»: A Collaborative Autoethnographic Study. Australian and New Zealand Journal of Family Therapy, 2026. Doi.org/10.1002/anzf.70096

Powered by Labrador CMS