I norsk
samanheng står fiske og havbruk for det meste av plastavfallet i
havet. Denne forureininga har alvorlege konsekvensar for natur og miljø.
I eit eige prosjekt har forskarar undersøkt plastprodukt innan fiske og
akvakultur. Der undersøker dei korleis vi kan oppnå meir berekraftig og
sirkulær praksis for dei mest problematiske produkta.
Ved å
identifisere utfordringane som oppstår gjennom levetida til produktet og foreslå
berekraftige løysningar for å møte dei, er måla som følger:
- Utvikle
betre og meir sirkulære produkt.
- Redusere
plastavfall frå fiskeri- og havbruksnæringen gjennom betre bruk av utstyr
og reiskap.
- Sørge
for at produkta kan sporast opp og samlast inn meir effektivt. Vidare å ha nok kvalitet
til at dei kan brukast vidare eller brukast igjen i nye produkt.
I ein ny rapport skildrar forskarane utfordringar og moglege løysingar på det som må seiest å være eit stort og
komplekst problem.
– Det er
eit potensial for forbetring i alle fasar av levetida til plastproduktet, frå design til
deponering, seier forskar Megan
Palmer-Abbs ved Nordlandsforskning.
– Sektorane
sjølv er positive til å få bukt med problemet med plastavfall, men det manglar eit
etablert, standardisert, obligatorisk system tilgjengeleg for alle.
Billig,
men miljøfarleg
Sommaren 2022 samla forskarane i prosjektet ei rekke aktørar frå verda til plastprodukta. Representantar frå heile verdikjeda var representert: dei
som utviklar produkta, ekspertar på produksjon og avfall, ekspertar på
gjenvinning og deponering, og forskarar.
Deltakarane
ble einig om å dele livssyklusen til plastprodukta inn i fire hovudkategoriar:
1. Utvikling, design og produksjon.
2. Bruk.
3. Innsamling.
4. Gjenvinning og
deponering.
–
Utfordringane begynner allereie med utvikling, design og produksjon. Mykje der skjer utanfor Noregs grenser, seier Palmer-Abbs.
Ho fortel at det er
billegare å importere plastprodukt frå til dømes Asia enn å utvikle og
produsere dei same produkta i Noreg. Men i mange tilfelle har vi ingen kontroll
over kva type plast som brukast og kvaliteten på han.
– Produkt med låg
plastkvalitet øydeleggast raskare og blir fortare til mikroplast, seier ho.
Tøffe
forhold
Eit av forslaga til løysing frå forskarane er å etablere ein ny, tverrfagleg kontrollinstans. Han skal sjekke kvaliteten på plasten, sørge for meir miljøvenleg produktdesign
og sjå til at produkta er egna for gjenbruk eller resirkulering.
– Den nye
instansen bør inkludere ekspertise frå resirkulerings- og avfallssektoren. Der har Noreg nokre av verdas leiande ekspertar. I tillegg bør ein innføre norske standardar for sirkulær design, seier Palmer-Abbs.
Når
produkta først takast i bruk, er hovudproblemet at fragment eller heile delar av
fiskereiskapen eller utstyret til akvakultur, går tapt. Resultatet er at det meste
av plastavfallet langs kysten kjem frå fiskeri- og havbruksnæringa.
– Sektorane for fiske og havbruk tar godt vare på utstyret, men slit med tøffe
driftsforhold. Det kan gjerast forbetringar som møter behova til alle aktørar,
både store og små, seier Palmer-Abbs.
Forskarane har diskutert om og korleis utstyret kunne merkast for å
bli funnen igjen. Elektronisk overvaking, farga trådar i tau og bruk av bøyer
var blant forslaga.
– I Noreg
finst det allereie fleire system for innsamling av fiskeutstyr og avfall. Utfordringane er likevel mange, seier Palmer-Abbs.
– Mindre
fartøy slit med kapasitet og ressursar til å prioritere avfallshandtering. I
tillegg er kysten veldig lang her i landet. Det er for få stader å deponere
avfallet, seier ho.
Lang
kyst, få fasilitetar
Det krev samarbeid
mellom fleire institusjonar å få ordentleg skikk på handtering av avfall frå fiskeri- og havbrukssektoren. Dessutan krev det tilstrekkeleg finansiering.
– Anlegga
for handtering av avfall langs kysten er for få, og det finst ikkje noko etablert system for korleis ein skal sortere avfallet, seier Palmer-Abbs.
Når
avfallet først er fiska opp og brakt til hamn, er målet gjenbruk eller
gjenvinning.
– Det gjerest
ein del resirkulering, men langt frå nok. Her startar utfordringane allereie i
utforminga av produktet. Blir det laga slik at delar som kan resirkulerast lett, kan skiljast frå resten? Er plasten av god nok kvalitet til å brukast
igjen? spør Palmer-Abbs.
Mange
moglege produkt
Vellykka resirkulering er framleis ei utfordring, sjølv om produktet har dei eigenskapane
som trengst for å bli ein del av andre produkt.
– Vi
treng resirkulering i mykje større skala enn i dag. Forebels manglar det vilje
hos sentrale aktørar. Det manglar også eit effektivt retursystem. Avfallshandtering
i fiskeri- og havbrukssektoren manglar dessutan koordinering og konsekvensar dersom det
ikkje blir gjort, seier Palmer-Abbs.
Det finst
mange gode døme både på vellykka produktdesign, gjenbruk og resirkulering.
Fiskegarn kan til dømes bli målnett eller hundeband.
Mange typar plast kan
brukast igjen i sikkerheitsutstyr til tunnelar eller i kajakkar, hagemøblar og
mange andre produkt.
Trenger
betre samarbeid
I dag hamnar for
mykje innsamla plastavfall på søppelfyllingar eller i forbrenningsanlegg. Mange
produkt har eit komplisert design. Det gjer det vanskeleg å skilje plast frå til
dømes metall.
– Slik situasjonen er i dag, blir ikkje alle fiskarar motivert til å levere
avfallet sitt. Tilleggsutgifter og mangel på avfallsanlegg gjer at dette får låg
prioritet i ein travel kvardag, seier Palmer-Abbs.
–
Havbrukssektoren har tatt ansvar. Vi ser nå forbetringar i innsamling og
levering til gjenvinning. Likevel må det meir til for å verkeleg gjere ein
forskjell.
Regulering
fungerer
For å utjamna konkurransevilkåra for både små og store aktørar i fiskeri- og
havbrukssektoren, krevst det felles tenking og handling. Aktørar innan både
offentleg, privat og frivillig sektor må prate saman.
– For å
oppnå dette trenger vi regulering og egna mekanismar. Dei må oppmuntre brukarar
til å samle inn, sortere og levere avfall. Slik at vi kan oppnå vesentleg meir
resirkulering og skape ein meir omfattande sekundærmarknad for avfallet vårt, seier
Palmer-Abbs.
Ho legg til at regulering ser ut til å vere ein måte som har fungert tidlegare i Noreg.
Forskaren
etterlyser ein robust offentleg sektor i samarbeid mellom industri, forsking og
frivillig sektor.
–
Kjernemålet må vere løysingar som både oppfyller industribehov og forbetrar
sirkulariteten i produkta, seier Palmer-Abbs.
Fikk du med deg disse artiklene fra Nordlandsforskning?
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER