Oppdrettslaks har tilsvarande eller mindre radioaktiv forureining enn villfisk, utan betydning for dei som et han, viser ein ny studie. (Foto: Havforskingsinstituttet)
Radioaktiv forureining i oppdrettslaks er like låg som i villfisk
For første gong har forskarar målt radioaktivitet i norsk oppdrettslaks langs heile kysten. Forureininga i oppdrettslaksen viste seg å vere tilsvarande eller lågare enn i villfisk, og langt under grenseverdien.
– Resultatet var ikkje uventa, men viktig å slå fast. Nivåa av radioaktiv forureining i oppdrettslaks er svært låge, utan betydning for dei som et han, seier Hilde Elise Heldal frå faggruppe miljøkjemi ved Havforskingsinstituttet.
Fann eitt stoff, langt under grenseverdien
I den nye studien såg forskarane etter ei rekke menneskeskapte og naturleg radioaktive stoff, slik som cesium-137, plutonium-isotopar og kalium-40.
Det einaste menneskeskapte stoffet forskarane fann i oppdrettslaksen, var cesium-137 på mellom 0,05 og 0,25 becquerel per kilo laksefilet. Becquerel er måleininga for radioaktivitet.
I laksefôret fann dei også berre cesium-137, opp til 0,54 becquerel per kilo.
– Dette liknar nivåa vi finn i villfisk. Til samanlikning er grenseverdien for næringsmidlar på 600 becquerel per kilo. Denne sette Mattilsynet etter Tsjernobyl-ulykka i 1986, seier Heldal.
Cesiumnivåa er låge også samanlikna med mat produsert på land, ifølge den nye rapporten.
Forskarane Hilde Elise Heldal og Andrey Volynkin ved Havforskingsinstituttet målar radioaktivitet i laks. (Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskingsinstituttet)
Tok prøver frå heile Noreg på langs
Prøvene kjem frå 100 oppdrettsanlegg frå heile kysten. (Bilde: Havforskingsinstituttet)
Heldal leia studien som er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, NIFES og Statens strålevern, på oppdrag frå Mattilsynet.
Mattilsynet bidrog med prøver av laks frå 100 oppdrettsanlegg frå Boknafjorden i sør til Varangerfjorden i nord.
Dei tok prøvene gjennom heile 2016.
Stad og tidspunkt for prøvetaking var tilfeldig. Dette for å gjere forskingsresultatet representativt for laksen på marknaden. Dei tok også prøver av fiskefôret.
Det er fleire kjelder for radioaktiv forureining i sjøen: Atomvåpentestingar på 50- og 60-talet, Tsjernobyl-ulykka i 1986 og utslepp frå Sellafield og Cap de la Hague, gjenvinningsanlegg for brukt kjernebrensel, har vore vektige kjelder.
Annonse
– Men vi har også ei rekke potensielle forureiningskjelder. I havområda våre ligg det to sokne atomubåtar, «Komsomolets» i Norskehavet og «K-159» i det søraustlege Barentshavet. På austsida av Novaja Semlja er det deponert atomavfall. Dersom det skjer forureining i framtida, er det viktig å ha dokumentert tilstanden no, forklarar Heldal.
Eksisterande og moglege kjelder til radioaktiv forureining i norsk farvatn. (Kjelde: Statens strålevern)
Driv konstant overvaking
Havforskingsinstituttet samarbeider frå før med Statens strålevern om overvaking av radioaktivitet i vill fisk og sjømat i det nasjonale overvakingsprogrammet Radioactivity in the Marine Environment (RAME).
– Berre rykte om radioaktivitet i sjømat har tidlegare påverka marknaden. Det er altså viktig for både folkehelsa og økonomien at vi dokumenterer fakta, seier Heldal.