
Skandalekirurgen Paolo Macchiarini klagar NRK inn for Pressas faglege utval
Den italienske kirurgen Paolo Macchiarini har klaga NRK inn for Pressas faglege utval etter påstandar i den svenske dokumentarserien «Experimenten». NRK avviser innhaldet i klaga.
Det var i januar 2016 dokumentaren «Experimenten» blei vist i Sveriges Televisjon. Over eitt år seinare, i april 2017, blei dokumentarserien vist på NRK.
Programserien viste korleis kirurgen Paolo Macchiarini, som då var tilsett ved Karolinska Institutet i Stockholm, hadde operert inn sine eigenproduserte luftrøyr i plast i åtte pasientar som hadde fått defekte luftrøyr på grunn av forskjellige lidingar.
- les også denne saken i Uniforum: Paolo Macchiarini er skuldig i forskingsfusk
Funna i dokumentaren førte til Paolo Macchiarini fekk sparken frå jobben som kirurg ved Karolinska Institutet, samtidig som også dåverande rektor ved Karolinska Institutet måtte trekkja seg. Også fleire av medlemane i komiteen for Nobelprisen i medisin måtte gå etter opplysningar som kom fram i dokumentaren.
No står også programmet på sakslista til Pressas faglege utval når dei møtest i neste veke. I klagen sin viser Paolo Macchiarini til at dokumentaren har brote fleire viktige prinsipp i Ver Varsam-plakaten:
• 3.7, om å gjengi meiningsinnhaldet i uttalar og sitera presist
• 4.1, om saklegheit og omtanke
• 4.2, om å skilja fakta og kommentar
• 4.5, om føerhandsdom
• 4.13, om å retta feil
• 4.14, om samtidig imøtegåing
• 4.15, om tilsvar
NRK svarar på klagen og avviser at dei og dei programansvarlege ved Sveriges Televisjon(SVT) har gjort noko kritikkverdig. I saksdokumentet frå Pressas faglege utval opplyser NRK at det er Sveriges Televisjon (SVT) som står bak dokumentaren.
- Les også denne saken i Uniforum: Mannen som tok Macchiarini i fusk: - En kræsjtest for systemet
Den blei send på SVT i januar 2016. NRK opplyser også at dokumentaren førte til ein stor debatt i Sverige om etikken i eksperimentell behandling, og undersøkingar og etterforskingar som har fått store konsekvensar. Det blir også peika på at Paolo Macchiarini ikkje har levert inn ein klage direkte til SVT.
- Les også denne saken i Uniforum: Nå er alle Macchiarinis strupe-pasienter fra Karolinska døde
Derimot har han levert inn tre klager på dokumentaren til Granskningsnämden i Sverige, og den har ikkje funne grunn til å gi klagene full behandling, går det fram av tilsvaret frå NRK.
Dette er dokumentasjonen som kjem på bordet til Pressas faglege utval.
Klagen skal handsamast av Pressas faglege utval tysdag 23. januar.
Denne saken ble først publisert i Uniforum.