Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Slik utforskar elevane i KRLE, religion og etikk
– Utforsking er særleg viktig i desse faga, seier forskar som har studert videoopptak av undervisning.
Forskarar veit allereie frå EDUCATE-prosjektet at norske lærarar er knallgode på utforsking.
Men både lærarar og elevar synest at utforsking kan vere krevjande.
– To kristne kan forstå trua si ulikt. Læraren må derfor presentere mangfald innanfor religionar, men samtidig unngå at det blir for komplekst for elevane, seier Kirsten Marie Hartvigsen.
Ho forskar på utforsking i faga KRLE og religion og etikk.
Mangfald innanfor religionar blir tydelegare om elevar kan utforske kjelder som representerer ulike perspektiv.
Stiller krav til elevane si evne til å tenke kritisk
Slik utforsking stiller krav til elevane si evne til å tenke kritisk.
Lærebøker og undervisning om religionar har tidlegare presentert religionar som einskaplege storleikar.
Læreplanane frå 2020 legg større vekt på mangfald. No handlar det også om korleis tru vert praktisert av enkeltpersonar og grupper.
Hartvigsen trekkjer fram læraren «Magdalena» som eit særskilt godt døme på korleis lærarar kan lære elevar å tenkje kritisk. Ho går aktivt inn og stiller spørsmål ved formuleringane i læreplanen.
‒ I staden for berre å seie til elevane at dei skal tenkje kritisk, demonstrerer læraren i praksis korleis ein kan gjere det, seier ho.
Treng støtte for å utforske
For at elevane skal meistre kritisk utforsking, treng dei ofte faste rammer tilpassa deira nivå.
Til dømes kan malar i den digitale notatblokka OneNote hjelpe elevane til å vite kva slags informasjon dei kan samle inn. Dei kan óg gi informasjon om ulike steg i utforskingsprosessen.
– Åttandeklassingar er ofte ikkje klare til å jobbe heilt åleine i KRLE, seier Hartvigsen.
Med malar kan elevane stille spørsmål til læraren og ho kan følgje opp alle elevane. Særleg fordi det er få timar i fag.
– Det kan derfor vere lenge til neste time, forklarar Hartvigsen.
Utforsking er ikkje den enkle vegen til målet
Hartvigsen ser også eksempel på at elevane utforskar utan hjelp av digitale malar. Læraren startar då med eit spørsmål eller eit problem som elevane skal finne ut av. På same måte som ein forskar jobbar.
Ho trekkjer fram eit døme frå ein time der læraren viste fram bilete til ein tekst frå Det gamle testamentet.
– Elevane skjøna ikkje med ein gong kva slags tekst det var. Læraren kunne valt ei lett løysing og forklart det med ein gong. Men i staden stilte ho spørsmål som fekk elevane til å tenkje sjølv. Slik vekkjer ho lysta til å lære før sjølve oppgåva med å tolke teksten startar.
– Utforsking er ikkje alltid den enkle vegen til målet, seier Hartvigsen.
Læraren blir ein «vandrande» støttestruktur
Også i faget religion og etikk på vidaregåande treng elevane støtte frå læraren. Både i form av digitale skjema og munnleg rettleiing, men støtta er mindre omfattande enn på lågare trinn.
Målet er at hjelpa skal trappast ned etter kvart som elevane meistrar oppgåvene.
Likevel er dei framleis avhengige av støtte frå læraren. Dette merkar ein særleg godt digitalt.
‒ Om elevane sit i ulike Teams-rom utan støtte frå læraren, blir mange sitjande utan å vite kva dei skal gjere, seier forskaren.
Vil forske meir på avsluttinga av timane
Framover vil Hartvigsen sjå nærare på korleis timane blir avslutta. Forskaren vil sjå kva som skjer når elevane skal lande stoffet. Dei skal då samle trådane og sjå kva ein har lært.
Førebels har ho ikkje funne mykje av dette i datamaterialet sitt. Mesteparten av tida går med til å starte utforskinga.
– Å avslutte timen godt er viktig for læringa vidare, seier Hartvigsen.
– Viss læraren samlar klassen til slutt, kan ein rette opp i feil. Då slepp elevane å gå heim med misoppfatningar. Dette vil også påverke korleis ein driv utforsking neste gong. Dette vil eg forske meir på, seier ho.
Referanser:
Kirsten Marie Hartvigsen: Maps and Territory: Templates for exploring and comparing religious traditions in Norwegian upper secondary religious education. Nordic Journal of Comparative and International Education (NJCIE), 2025. Doi.org/10.7577/njcie.6281
Kirsten Marie Hartvigsen: Teachers as facilitators of exploration in lower secondary religious education. British Journal of Religious Education, 2026. Doi.org/10.1080/01416200.2026.2616347
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Spenningen mellom ukrainsk og russisk har nådd norske klasserom
-
Tarmkreft er nå den dødeligste krefttypen blant unge voksne i Norge: – Peker mot endringer i livsstil og ytre risikofaktorer
-
Hva skjer når hjernen tenker? Et vindu i skallen på en mus kan gi svar
-
Til tross for at ingen får fiske i Oslofjorden:– Bunnen er nærmest død
-
Nå kan forskere lytte til celleforandringer: Kan gi økt forståelse av Alzheimers og Parkinsons sykdom
-
Hvordan blir en bakterie motstandsdyktig mot antibiotika?
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER