Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Sidan 2019 har forskarar og fagfolk samarbeida om å utvikla felles retningslinjer for depresjonar knytt til svangerskap, fødsel og den fyrste tida etter.

Norsk bidrag: Behandling av fødsels­depresjonar kan bli likare i heile Europa 

Symptoma er dei same, men behandlinga har vore ulik frå land til land. No kan helsepersonell stø seg på vitskapleg funderte retningslinjer på tvers av landegrensene.

I mange land utarbeider styresmaktene retningslinjer for ei rekkje medisinske tilstandar. Desse retningslinjene inneheld råd og anbefalingar til helsepersonell om behandling av pasientar.

Sidan 2019 har forskarar og fagfolk samarbeida om å utvikla felles retningslinjer for depresjonar knytt til svangerskap, fødsel og den fyrste tida etter. 

Forskarane kallar dette med fellesomgrepet perinatal depresjon. No ligg resultatet føre.

– Tidlegare har det vore forskjellar mellom retningslinjene i ulike land. Det gjev lita meining når det er same diagnosen det er snakk om. Kvaliteten på retningslinjene har òg vore varierande. Fleire land, spesielt i Aust-Europa, har ikkje hatt retningslinjer i det heile, fortel Angela Lupattelli.

Ikkje berre anbefaling om beste behandling

Ho er professor ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo og har representert Noreg i arbeidet.

– Desse retningslinjene femner vidt. Dei omfattar førebygging, screening, diagnose og behandling. Då meiner vi ikkje berre psykoterapi eller medikamentell behandling, seier Lupattelli.

– Ei mor med ubehandla perinatal depresjon kan ha vanskar med å ta seg av barnet sitt, seier Angela Lupattelli.

Ho fortel at dei òg har med behandlingsformer som massasje, musikkterapi og fysisk trening. Men for de fleste av desse behandlingane har vi berre svake anbefalingar eller ikkje noko anbefaling. Grunnen er at det finst lite eller ingen dokumentasjon på positiv effekt.

Dei nye retningslinjene inneheld nemleg ikkje berre anbefalingar om kva som er den beste behandlinga. 

Dei deler ulike behandlingar inn i sterkt anbefalte, moderat anbefalte og svakt anbefalte. Dei tek òg med kor god dokumentasjon som ligg til grunn for den enkelte vurderinga.

Farmakologisk del mest omfattande

– Retningslinjene er ikkje å oppfatta som pålegg. Dei er som namnet seier, retningsgjevande. Kvar pasient må få ei individuell vurdering. Der må ein trekkja inn faktorar som om kvinna har ei forhistorie med psykiske vanskar og kva kvinna sjølv ynskjer og er komfortabel med, seier Lupattelli.

– Nokre medikamentelle behandlingar kan til dømes medføra ein viss risiko for seinverknadar hjå barnet, men ei mor med ubehandla perinatal depresjon kan ha vanskar med å ta seg av barnet sitt.

Saman med ein psykiater frå Tyskland har Lupattelli hatt ansvaret for den farmakologiske delen av retningslinjene. Farmakologi er læra om legemiddel, korleis dei verkar, kva for effektar dei har og korleis dei skal bli gitt.

– Det har vore den mest omfattande delen, seier ho.

Representantar for aktuelle yrkesgrupper

Dei to han gått gjennom ei rekke vitskaplege artiklar frå dei siste femten åra. Dette er artiklar som går gjennom og samanfattar forsking som er gjort av andre. Dei har sett på funna og vurdert styrken av dei. Kor mange personar har vore inkludert i studien, til dømes.

– For eitt legemiddel las vi gjennom 74 vitskaplege artiklar før vi enda opp med berre nokre få anbefalingar i retningslinjene, seier Lupattelli.

Slik sparar forskarane legar, jordmødrer og anna helsepersonell for mykje graving for å finna den beste behandlinga. 

– Desse retningslinjene skal brukast av dei som er i direkte kontakt med kvinna som behandlarar. Vi har derfor hatt representantar frå desse yrkesgruppene med i arbeidet. Slik skal retningslinjene bli så tydelege og forståelege som råd.

Les retningslinjene her:  Evidence-Based Clinical Practice Guidelines For Prevention, Screening and Treatment Of Peripartum Depression

Powered by Labrador CMS