Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

Klipp frå filmopptaka forskarane gjorde med undervassdrone ved dekkdeponiet. (Video: NORCE)

Forskarar fann både tungmetall og hormonforstyrrande stoff frå dumpa bildekk 

For 40–50 år sidan vart det dumpa tusenvis av bildekk i sjøen nord for Bergen. No er det funne stygge miljøspor på sjøbotnen.

I samband med utvikling av ei oppskrift for handtering av lokal miljøforureining i sjøen undersøkte forskarane ein våg med tusenvis av bildekk på botnen. 

Dei fann tungmetall som koppar, bly og særleg sink i unaturleg høge konsentrasjonar i botnmassane under og rundt deponiet.

Dei målte også forhøgja verdiar av ftalat. Det er eit stoff som har vore mykje brukt som mjuknarar i plastprodukt som til dømes bildekk. Slike stoff er no forbode i ei lang rekke produkt.

Mellom ftalata var verdien høgast av stoffet DEHP. Det kan ha hormonforstyrrande effekt på både dyr og menneske. Det er mellom anna kjent at DEHP kan føre til endra kjønnsfordeling hos fiskeyngel og redusert produksjon av det mannlege kjønnshormonet testosteron hos pattedyr.

Slengde restlageret på sjøen 

Bak undersøkingane i vågen i Alver kommune står forskingsinstituttet NORCE og NOSCA Clean Oceans. NOSCA er ei næringsklynge for aktørar innan beredskap og handtering av forureining i sjøen.

– Dekka kjem frå ei bedrift som brukte bildekk til å lage sprengmatter. Då verksemda tok slutt tidleg på 1980-talet, dumpa dei fleire tusen dekk og dekkrestar på sjøen, seier Eirik Langeland. Han er dagleg leiar for næringsklynga og ein av initiativtakarane til undersøkinga.

Langeland fortel at det er kjent at gamle bildekk inneheld tungmetall og miljøgifter. Gummien kan dessutan bli brote ned til mikroplast. 

Eirik Langeland er dagleg leiar for næringsklynga NOSCA Clean Oceans.
Eirik Langeland er dagleg leiar for næringsklynga NOSCA Clean Oceans.

– Vi ville finne ut kva miljøavtrykk dette deponiet har sett i sjøen.

Han meiner funna viser kor viktig det er å kartlegge tilhøva grundig der det er dumpa avfall i sjøen.

– Då kan ein lettare ta dei nødvendige forholdsreglane før ein eventuelt tek skritt for å fjerne avfallet. Hadde ein gått laus på dette dekkdeponiet på tradisjonelt vis med lekter og grabb, kunne ein lett gjort større skade enn gagn. Resultatet kunne fort ha blitt ytterlegare spreiing av skadelege og uønskte stoff, seier han.

Sjøbotnen var tydeleg forureina 

Vågen vart kartlagt ved hjelp av akustikk og film teken av ein undervassdrone. Forskarane lokaliserte dekkdeponiet og tok vassprøvar og sedimentprøvar ved deponiet og i ulike avstandar frå midten av deponiet.

Resultata vart samanlikna med målingar frå to referansestader. Den eine var rundt ein kilometer unna i same våg, den andre i ein liknande våg eit stykke unna.

– Referansemålingar er nødvendige for å vite om førekomsten av eit stoff kjem av forureining eller kan vere naturleg. Til dømes er sink det nest vanlegaste grunnstoffet i jordskorpa, så vi måtte ha prøver frå fleire stader i nærleiken for å kunne vite om konsentrasjonane ved deponiet kan skuldast dekka.

Det forklarer forskar Farhan Khan frå NORCE.

Han fortel at det var betydelege konsentrasjonar av tungmetall i sedimenta, særleg av sink. Det var også noko bly og koppar.

– Vi såg dessutan eit tydeleg mønster med høgare konsentrasjonar mot sentrum av deponiet og lågare verdiar lenger ut. Vi fann også ei rekke ftalat og ein god del gummipartiklar. Funna viser i sum korleis ulike stoff har siva ut frå dekka og blitt tekne opp i sedimenta over tid, seier han.

I denne vågen i Alver nord for Bergen ligg det tusenvis av bildekk på sjøbotn. Undersøkingar viser at det har siva ut både tungmetall og hormonforstyrrande stoff frå dekka.
I denne vågen i Alver nord for Bergen ligg det tusenvis av bildekk på sjøbotn. Undersøkingar viser at det har siva ut både tungmetall og hormonforstyrrande stoff frå dekka.

I vatnet var det derimot lite framandstoff. 

Vassprøvene viste litt forhøgja verdiar av sink, men ikkje av andre tungmetall. I vatnet var det heller ikkje noko mønster der det vart meir av uønskte stoff jo nærare midten av deponiet du kom.

– Det kan truleg skuldast at dekka har lege lenge og blitt slitne ned over tid, og at vatnet heile tida beveger seg inn og ut av vågen, seier Khan.

Lagar oppskrift på handtering av marin forureining 

Undersøkingane i Alver er del av eit arbeid ekspertane i NOSCA har sett i verk. Dei skal lage ei oppskrift på korleis ein kan førebu seg til å fjerne forureining på sjøbotn langs kysten.

– Alle tilfelle av forureining har sjølvsagt særtrekk ein må ta omsyn til. Det handlar mellom anna om type avfall og om tilhøva på kvar enkelt stad. Arbeidet vi har gjort i Alver peiker på nokre hovudingrediensar som vil vere nyttige i alle tilfelle, seier Langeland.  

Han tenker då mellom anna på korleis ein kartlegg, kva prøver ein tek i kva omfang og kor ein tek desse prøvene. 

Khan meiner ein av styrkane til forskarteamet frå NORCE er at dei hadde kompetanse på ulike metodar for å ta prøver frå miljøet og på ulike analyseteknikkar.

Seniorforskar Farhan Khan frå NORCE.
Seniorforskar Farhan Khan frå NORCE.

Han fortel at dei mellom anna har brukt noko som heiter gasskromotografi.

– Det er ein målemetode som veldig enkelt forklart tek utgangspunkt i at ulike organiske stoff har ulike kokepunkt. Difor vil dei bli skilt frå kvarandre under oppvarming, fortel han.

Forskarane har også påvist gummipartiklar frå dekk ved hjelp av gasskromotografi. Då måtte dei først varme opp prøva og bryte ho ned før dei fann dekkgummien.

Mykje industriavfall langs kysten 

At det er behov for ei oppskrift som kan brukast fleire stader, er ikkje Langeland i tvil om:

– Deponiet i Alver er neppe eit enkeltståande tilfelle. Tidlegare trudde ein at ein kunne dumpe kva som helst i vatnet utan at det fekk konsekvensar. Sjøen er nok dessverre brukt som avfallsdeponi mange stader langs kysten, for eksempel der det har vore ei eller anna form for produksjonsverksemd.

Dette utstyret vart brukt for å pumpe og filtrere vatn for å fange gummipartiklar frå Vågen.
Dette utstyret vart brukt for å pumpe og filtrere vatn for å fange gummipartiklar frå Vågen.

Langeland trur også omfanget av bildekk i sjøen er større enn mange er klar over:

– Brukte bildekk har vore brukt på kaianlegg over heile landet som fenderar for å verne skipssida mot støyt og gnissing. Og når gamle fenderar har slite seg og sokke til botn, har ein berre hengt opp nye.

Må sikre området før eventuell opprydding 

Resultata frå undersøkinga er lagt fram for både statsforvaltaren i Vestland og Alver kommune. Kommunen har gjennomført si eiga undersøking som støttar funna frå analysane til NORCE.

– Dermed har dei fått eit enda betre grunnlag for å ta ei informert avgjerd om vegen vidare, og om kva metodar dei eventuelt bør bruke dersom dei bestemmer seg for å fjerne dekka. Det dei i alle høve ikkje må gjere, er å begynne å rote opp sjøbotnen utan å ha sikra seg mot ytterlegare spreiing av stoff som ikkje skal vere i sjøen, seier Khan.

Han kjem også med ei tydeleg tilråding om uansett å halde fram med overvaking av vågen for å sjå korleis tilstanden utviklar seg.

Powered by Labrador CMS