Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskolen i Innlandet - les mer.

Slik kan barn lære å lese kart
Det er viktig å klare å finne vegen. Kva for kart barn blir introduserte for fyrst i livet, har mykje å seie.
Vi har alle sprunge rundt på skulen vår med kart for å finne postar i nærområdet. Gjerne med litt uforståelege orienteringskart med abstrakte symbol og litt vanskelege perspektiv.
Om Jon Anders Græsli på Høgskolen i Innlandet fekk bestemme, så hadde norske skular teke i bruk ein metode han og kollegaene hans har forska. Der lærer ein seg kart veldig trinnvis.
– Vi samanliknar kartlæring med lese- og skriveopplæring. Du må begynne med lettlestbøker før du kan lese meir avanserte romanar, seier Græsli.
Nyleg fekk førstelektoren på Fakultet for lærarutdanning og pedagogikk publisert ein vitskapeleg artikkel om temaet saman med professor Gudbrand Lien, også han frå Høgskulen i Innlandet.

Karttypen er nøkkelen
Jon Anders Græsli har sjølv vore aktiv orienteringsløpar. Han har også vore trenar for barn og ungdom som driv med orientering.
Interessa for orienteringsfaget har gjort at han og kollegaene hans, Trine Bjerva og Thorsteinn Sigurjónsson, i mange år no har forska på korleis barn kan læra seg å bruka kart på best mogleg måte.
I det arbeidet har dei mellom anna introdusert noko dei kallar Kartstigen. Illustrasjonen under syner korleis ein kan starte med praktiske aktiviteter ute i terrenget.

154 barn i alderen 5–11 år har testa ut fem ulike karttypar når dei leitar seg fram til ei rekkje kontrollpostar. Forskarane registrerte kor mange som fann postane og kor lang tid dei brukte.
Dei fem karttypane tek utgangspunkt i den nemnde Kartstigen som spenner frå eit konkret bilete av staden du skal finna, via skisser og teikningar av området du orienterer i og til abstrakte orienteringskart med fugleperspektiv på omgivnadene dine.
Barn sin tankeverd er handgripeleg
Resultata av denne forskinga er no klare.
– Når barn har konkrete kart, og dei er i ein synsvinkel som dei er fortrulege med, så er det enkelt å finna fram. Når dei kjem på meir abstrakte kart og får eit synsvinkelskifte der dei til dømes ser ting ovanfrå, fell veldig mange av. Dei finn ikkje fram, og dei som klarer det bruker mykje lenger tid, fortel Græsli.
Blant dei yngste deltakarane i forskinga er det rundt to prosent som ikkje finn postane med dei tre mest konkrete karta.
Når du bevegar deg til dei to «vanskelegaste» karta, aukar andelen som ikkje finn postane til langt over 40 prosent.
Blant dei eldste barna finn alle postane med dei enkle karta – 15 prosent missar postane med eit tradisjonelt orienteringskart.
– Kva er grunnen til dei store forskjellane i å finna postane med dei ulike karta?
– Vi tenkjer det har med den kognitive utviklinga hos barn å gjera. Kva dei forstår og ikkje forstår. Tankeverda til barn er konkret i motsetning til nokre av desse karta. Dette gjeld også for synsvinkel. Det er vanskeleg å visualisera når karta til dømes er i fugleperspektiv, seier Græsli.
Treng vi å lære kartlesing?
Svaret er ifølgje forskarane ja – sjølv om vi lever i 2024 med mobiltelefonar og digitale duppedingsar som hjelper oss med å finna fram, og som fortel oss i detalj kvar vi skal gå.
Ein ting er det openberre som å finna vegen dersom du har gått deg bort på ein stad du ikkje er kjend. Dersom det er dårleg GPS-dekning eller du har gått tom for straum på mobilen, kan det vera greitt å finna vegen heim sjølv utan hjelp frå redningsmannskap.
Ifølgje Græsli er det eit par andre ting som gjer kartforståing nyttig.
– Mobiltelefonar og karta der har små utsnitt. Dei store karta gir deg ein mykje meir heilskapleg oversikt. Du veit kvar du er på skjermen, men du klarer ikkje å sjå det totale biletet. Det er ein grunn til at folk som skal ut på lange turar på ukjende stader, har med seg store og gode kart.
Og dersom du skal på storbyferie, kan kartkunnskap vera nyttig.
– Om du kjem til eit nytt område, ein heilt ukjend by til dømes, så ser vi at behovet melder seg med ein gong for å få kjennskap til staden du er. Det er viktig å få ei forståing av kvar i eit område du er, og at du kan referera det til eit kart, meiner Græsli.
– Det å kjenna seg igjen, og vita kvar du er, skaper ei ro og tryggleik.
Skulane på rett veg
Metoden for å læra kartlesing som Græsli og kollegaene hans har komme fram til, blir allereie brukte i ei viss grad i den norske skulen i dag.
– Det som står i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, er at ein skal introdusera kart allereie på 1. til 4. trinn. Då skal ein bruka nærkart som er konkrete, fortel Græsli.
Også det å læra ting i rett rekkjefølgje står det om i læreplanverket.
– Du skal gradvis gå over til meir abstrakte kart og til kart over meir ukjent terreng enn til dømes skulegarden, seier Jon Anders Græsli.
Det å læra kompass er ute av læreplanverket. Dermed blir kart, og det å læra å bruka det, meir tydeleg.
Græsli meiner modellen deira kan vera eit godt supplement i opplæringa av barn og unge i kartbruk.
– Vi er veldig interesserte i å få kartstigen vår ut i skulane. Det vil gjera at elevane ikkje møter dei same karta i 3. trinn som i 7. trinn. Vi må gi dei nye ting heile vegen så dei får ei trinnvis utvikling, seier han.
Referanse:
Jon Anders Græsli og Gudbrand Lien: How can children best learn map skills? a step-by-step approach. European Early Childhood Education Research Journal, 2024. Doi.org/10.1080/1350293X.2024.2322528
Les også disse artiklene fra Høgskolen i Innlandet:
-
Professor II, sier du?
-
Den norske kua skal få bedre plass. Hvordan skal bøndene få råd?
-
Norske filmer er nesten usynlige på strømmetjenester
-
Vil vi ta penger fra hip-hop og rap og gi til jazz og klassisk musikk?
-
Lukten av nellik og lyden av julesanger: Hvorfor jakter vi julestemningen?
-
Psykolog: Du bør ikke true barna med at nissen ikke kommer