Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Langvarig antibiotika-behandling gjekk hardt ut over tarmfloraen hjå mus.

Forsøk med mus: Lang behandling med antibiotika, kan føra til resistens hjå andre bakteriar enn dei som står bak den akutte sjukdommen

Nokre bakteriegrupper kom saktare tilbake til tidlegare nivå ved lengre behandling, men dei fleste var restituerte etter ei vekes tid.

Mange av oss har vore gjennom antibiotikakurar som vi samvitsfullt har fullført sjølv om alle symptom er borte. Vi har fått beskjed om at dersom vi sluttar for tidleg, aukar det risikoen for antibiotikaresistente bakteriar.

Men det er ikkje nødvendigvis riktig.

– Nyare studiar viser at det ofte held å bruka antibiotika til kroppen har kontroll på infeksjonen sjølv. For enkelte infeksjonar har ein endra råda for behandlingslengda, seier Katrine Lekang.

Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens inneber at bakteriar kan leve vidare og formeire seg sjølv om dei blir utsett for antibiotika. Det betyr at bakterieinfeksjonar som i dag blir reknast som ufarlege, kan bli svært vanskelege å behandle og i nokre tilfelle livstruande.

Kjelde: helsenorge.no

Ho er no rådgjevar hjå MatPrat, men var tidlegare ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo (UiO).

– Ting tyder nemleg på at behandling med antibiotika ut over det som er nødvendig, kan føra til resistens hjå andre bakteriar enn dei som står bak den akutte sjukdomstilstanden.

Lever alle under same forhold

Men det tek tid å få denne informasjonen ut blant både legar og folk flest. Lekang ynskte derfor å undersøkja korleis varigheita av antibiotikabehandlinga påverka bakteriefloraen i tarmen. Dette gjorde ho i samarbeid med fleire kollegaer ved UiO.

– At antibiotika òg tek knekken på ein del av bakteriane i tarmen, er ingen nyheit. Det vi ville undersøka, var kor mykje lengda på behandlinga hadde å seia for tarmfloraen, seier Lekang.

Å gjera slike forsøk på menneske er utfordrande. Det er fordi vi skil oss frå kvarandre i kosthald, aktivitetsnivå, stressnivå og mange andre måtar. Det kan alle påverka bakteriefloraene.

Laboratoriemus lever derimot alle under dei same forholda, så den einaste variabelen var behandlingslengda.

Bakterieinnhaldet tilbake på same nivå

– Vi hadde fire grupper mus. Ei gruppe fekk antibiotika i tre dagar, ei i sju dagar og ei tredje i 14 dagar.

Kontrollgruppa fekk inga behandling, fortel Lekang.

– I motsetning til i mange andre studiar målte vi ikkje berre bakterieinnhaldet før og etter behandlinga. Vi målte innhaldet undervegs i behandlinga med fire dagars intervall til tre veker etter avslutta behandling.

Målingane viste at antibiotikabehandlinga gjekk hardt ut over bakteriefloraen. Forskarane målte dette frå muselorten.

Men alt ei veke etter at behandlinga var avslutta, såg det ut til at bakterieinnhaldet på eit overordna nivå var tilbake på same nivå som før behandlinga starta.

– Men på eit meir detaljert nivå såg vi at det tok betydeleg lengre tid å restituera seg. Tida det tok, vart for enkelte bakteriar forlenga når antibiotikabehandlinga varte lenger, seier Lekang.

Lurt å korta ned behandlingstida

– Førekomsten av fleire familiar og arter var òg framleis reduserte då vi stoppa med målingane tre veker at behandlinga var avslutta. Reduksjonen var signifikant større hjå musene som hadde fått lengst behandling.

Rekker, familiar og arter er faglege omgrep for ulike nivå i inndelinga av bakteriar og andre organismar.

Men dersom det meste av floraen kjem tilbake etter antibiotikabehandling, så er det kanskje ikkje så mykje å uroa seg for?

– Det veit vi rett og slett ikkje. Vi veit ikkje kva dei bakteriane som vert desimerte, gjer. Det er fyrst i nyare tid at vi har forstått kor viktig tarmfloraen er for heile organismen. Ikkje berre det som skjer i tarmen, seier Lekang.

Ho fortel at vi har mengder av forsking att før vi veit nok om kva roller dei ulike bakteriane spelar, kva for seg eller i kombinasjonar,

– Tarmen inneheld mange hundre, kanskje meir enn tusen ulike bakteriar. Både for å utsetja desse for minst moglege forstyrringar og for å hindra antibiotikaresistens kan det vera lurt å korta ned tida på behandlingar med antibiotika.

Referanse:

Lekang mfl.: Effects of different amoxicillin treatment durations on microbiome diversity and composition in the gut. PLOS One, 2022.

Powered by Labrador CMS