Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Den vesle mengda blod i tuppen av pipetten er nok til at Maria Schüller kan utføra analysane sine.

Nye narkotiske stoff kan vere vanskelege å oppdage. No har forskarar funne ei løysing

På nettet kan ein få tak i rusmiddel så nye at ingen heilt veit korleis dei verkar. Mange har det ikkje vore råd å oppdaga i blodprøvar før no.

Det vert stadig utvikla nye rusmiddel. Dei er som regel kjemiske etterlikningar av eksisterande rusmiddel. Dei går under samlenamnet NPS (Nye psykoaktive stoff).

Ein del av desse nye stoffa tilhøyrer gruppa tryptamin. Denne gruppa omfattar òg gamle rusframkallande stoff som LSD og psilocybin, verkestoffet i fleinsopp. Tryptamin er hallusinerande, og i nokre tilfelle stimulerande.

– Forskjellen på dei nye tryptamina og stoff som LSD, fleinsopp og det psykedeliske stoffet DMT, er at for dei sistnemnde har både brukarar, behandlingsapparat og politi lang erfaring med verknadane, seier Maria Schüller.

Ho er forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Dei nye stoffa finst det derimot lite kunnskap om, verken blant behandlarar, forskarar eller blant brukarane sjølve.

Gjev politiet utfordringar

Ho forklarar at det på fleire måtar aukar risikoen ved bruk av dei nye stoffa.

– Ingen rusmiddel er utan skadeverknadar. Vi kan ikkje mykje om kva desse kan vera for dei nye tryptamina, verken på kort eller lang sikt, seier ho.

– Når ein bestiller på nettet, veit ein aldri om ein får noko anna enn det ein har bestilt. Ein veit heller ikkje om det kan vera blanda opp med andre, meir potente stoff.

Kunnskapshola gjev politiet utfordringar. Det har nemleg ikkje vore råd å slå fast om nokon er påverka av dei nye stoffa.

Metode for å påvisa tryptamin

– I samband med trafikkulukker til dømes har det ikkje vore råd å dokumentera at nokon har køyrt i påverka tilstand med mindre vedkomande i tillegg er påverka av rusmiddel som det finst metodar for å oppdaga, seier Schüller.

Ho understrekar at dette er eit tenkt tilfelle. Sidan dei nye tryptamina ikkje let seg oppdaga, har ein naturleg nok ikkje avdekka mange brukarar.

Ein reknar likevel ikkje med at stoffa er særleg utbreidd. I alle fall ikkje enno. Men om det skulle skje, vil det vera vanskelegare å skjula bruken.

I samarbeid med Seksjon for rusmiddelforskning ved Oslo universitetssykehus har Schüller utvikla ein metode for å påvisa tryptamin i blod.

Enklare å bruka rettsmedisinsk

– Vi brukar fullblod, som det heiter. Det vil seia at vi til dømes ikkje skil ut plasma for å gå vidare med. Vi brukar blodet rett frå kjelda, så å seia, seier Schüller.

Ein fordel med det er at forskarane då ikkje risikerer å sortera bort ting dei ynskjer å finna i utskiljingsprosessen. Det er noko det alltid er ein viss risiko for.

– Ein annan, meir praktisk fordel er at jo mindre opparbeiding av prøven som trengst, jo meir realistisk er det å utvikla portable løysingar for bruk i til dømes politiet, på ulukkesstaden eller liknande.

Schüller fortel at ei slik løysing er ikkje rett rundt hjørna, men treng ikkje vera så langt borte heller.

– Fullblod er òg enklare å bruka i rettsmedisinske undersøkingar. Blant anna når ein ynskjer å analysera innhaldet av blodet for å finna ei dødsårsak.

Rettsmedisinske retningslinjer for bioanalysar

Metoden dei brukar heiter elektromembranekstraksjon (EME) og er utvikla ved Farmasøytisk institutt. Utstyret som dei brukar, har dei laga sjølve.

I mangel av tilgjengelege forsøkspersonar tilsette dei tryptamin i vanleg blod.

– Tryptamin er ganske ustabile stoff, som er vanskelege å handtera. Dei toler til dømes ikkje å liggja for lenge, eller om dei vert utsette for for surt miljø, forklarar Schüller.

– Men ved å tilsetja ein antioksidant, i vårt tilfelle vitamin C, hindra vi stoffa i å reagera med luft eller andre. Vi analyserte 20 ulike tryptamin. Mellom dei DMT og psilocin, som finst i fleinsopp.

Det finst rettsmedisinske retningslinjer for bioanalysar. For 16 av dei undersøkte tryptamina tilfredsstilte EME-analysen krava.

Grøn, rask og kostnandseffektiv

– Vi fekk problem med dei fire siste. Dei var for ustabile. Det går an å finpussa metodar for dei fire attverande òg. Men foreløpig veit vi ikkje om dei er så utbreidde at det eigentleg er behov for det.

Utstyret har dei altså laga sjølve. Ei innretning med 96 brønnar let dei gjera mange analysar samstundes. Så stort utstyr finst til no ikkje på den kommersielle marknaden, men nyleg kom det utstyr med ti brønnar, det største førebels. Schüller har tru på at dette vil endra seg.

– Vi håpar at stadig fleire forskingslaboratorium vil få augo opp for EME, sidan metoden er både grøn, rask og kostnadseffektiv. Slik får vi meir forsking. Det vil igjen gje betre metodar, betre utstyr og større kommersielle moglegheiter.

Referanse:

Maria Schüller mfl.: Determination of tryptamine analogs in whole blood by 96-well electromembrane extraction and UHPLC-MS/MS. Talanta Open, 2023. Doi.org/10.1016/j.talo.2022.100171

Powered by Labrador CMS