
Vender Russland ryggen til Vesten?
Dreiinga mot Kina har djupare røter enn Ukraina-krisa, ifølgje forskar. – Dette dreier seg meir om at russiske styresmakter ønskjer å utvikle den austlege delen av landet.
«Saman har vi skånsamt teke hand om og pleidd russisk-kinesiske samband. No er tida inne til å hauste fruktene», sa Kinas president Xi Jinping etter eit møte med Vladimir Putin i Beijing i 2014.
I kjølvatnet av annekteringa av Krim lot det til at Russland og Kina hadde funne tonen på fleire område.
I ei ny bok skriv NUPI-forskarane Helge Blakkisrud og Elana Wilson Rowe om Russlands mykje omtalte dreiing mot aust. Handlar dette eigentleg om landets problematiske forhold til Vesten?
Sanksjonar og avtalar

Ukraina-krisa i 2014 førte til at Russland blei råka av ei rekkje vestlege sanksjonar mot enkeltpersonar, bankar og energiselskap. Kort tid etter kom vennskapet mellom Xi og Putin til uttrykk mellom anna gjennom inngåinga av ein gigantisk avtale om russiske gassleveransar til ein verdi av 400 milliardar dollar.
Rowe og Blakkisrud meiner likevel at det ikkje er ein direkte samanheng mellom det som verka som ei oppblomstring av varme kjensler til Austen og dei kjølige relasjonane til Vesten.
– Vi ser at dreiinga mot aust har djupare røter enn Ukraina-krisa. Intensiteten i samarbeidet mellom Russland og Kina har ikkje endra seg vesentleg etter annekteringa av Krim, seier Rowe.
Det er heller merksemda rundt dei diplomatiske relasjonane og enkelte tilsynelatande økonomiske gjennombrot som har auka, både frå Russland, Kina og Vestens side, ifølgje forskarane.
- Les også: Russere bryr seg lite om revolusjonen
Overdriven dreiing
– Aust-Asia er ein region i rask økonomisk vekst. Det er naturleg at russarane søkjer nye marknader i til dømes Kina, Japan eller Sør-Korea. Samstundes blir truleg omfanget av orienteringa mot aust haussa noko opp i russisk samanheng, sier Blakkisrud.

– Det er difor viktig å få ei forståing av kva som berre er slagord og policyprogram, og kva som faktisk blir implementert, både innanrikspolitisk og i diplomatiske forhold.
I boka kjem det fram at den påståtte vendinga mot aust i stor grad handlar om innanrikspolitiske forhold.
– Dette dreier seg meir om at russiske styresmakter ønskjer å utvikle den austlege delen av landet. Russlands fjerne Austen utgjer ein ekstrem periferi sett frå Moskva. Regionen er ressursrik, men ho er underutvikla og har få innbyggarar. Ønsket har vore å stanse fråflyttinga og få oppsving i økonomien i regionen, og den beste løysinga har vore å opne opp forutanlandske investeringar og interaksjon med Aust-Asia, forklarer Blakkisrud.
Referanse:
Helge Blakkisrud og Elana Wilson Rowe: Russia’s Turn to the East. Domestic Policymaking and Regional Cooperation. Palgrave, 2017. DOI: https://doi.org/10.1007/978-3-319-69790-1
SE OGSÅ
-
- Gjennomsyret av mangel på tillit
-
Hjelper strengere regler mot doping?
-
Nordmenn vet nesten mest om seg selv
-
Fire grunner til at Russland er blitt farligere for Norge
-
Europa styrker forsvaret – Norge kan bli stengt ute
-
Nazistene fikk aldri skikk på Idretts-Norge
-
Russere bryr seg lite om revolusjonen
-
Han var den revolusjonære stemmen ved Universitetet i Oslo