Matematikaren og astronomen Johannes Kepler (1571-1630) var med og starte den vitskaplege revolusjonen på 1600-talet. Men først no får delar av arbeidet hans full anerkjenning.
I følgje filosof Sigurd Tønnessen ved Universitetet i Tromsø, beviste Johannes Kepler planetlovene ved hjelp av matematisk fysikk før dei offisielt var oppfunne.
- Kepler har vore sett på som ein god matematikar, men arbeidet hans som leidde fram til planetlovene har tidlegare vore tolka som eit resultat delvis av gjetting og overtru, seier Tønnessen.
- Men Kepler utvikla fleire veldefinerte matematiske lover for planetrørslene som på mange måtar kan jamførast med teoriane som Newton utvikla mange år etter, seier Tønnessen.
Han disputerte nyleg på avhandlinga “The birth of mathematical physics - Kepler's proof of the plantes' elliptical orbit from causal hypotheses”.
Som vitskapsfilosof må ein forstå vitskapen
I tillegg til å skrive vitskapshistorie og syne at Kepler sitt arbeid med planetlovene var meir enn flaks, og at Kepler, ikkje Newton, må reknast for å vera den første grunnleggjaren av matematisk fysikk, har Tønnessen eigentleg først og fremst vore oppteken av å arbeide med korleis vitskapsteoriar blir utvikla - korleis argumenta blir førde og kor solide dei er.
Men i avhandlinga var det så mykje anna som måtte gjerast først.
- Mitt utgangspunkt var å bruke nyare vitskapsfilosofi på klassiske eldre tenkjarar, og for å gjera ei vitskapleg filosofisk analyse av Kepler, måtte eg først forstå den matematiske vitskaplege argumentasjonen hans.
- Og då fann eg fort at det var hol i den kunnskapen me hadde om nettopp denne. Newton er godt forstått, Galilei også - men ikkje Kepler, seier Tønnessen.
- Eg trur det er av di han nytta mykje analogiar som av matematikarane er vorte tolka bokstavleg, men for han var det mogelege kausalmodellar han presenterte. Og vitskapshistorikarane, dei har vore for dårlege i matematikk til å forstå han fullt ut.
- Slik sett var det litt tilfeldig at arbeidet til Kepler vart min case. Men eg meiner altså at han revolusjonerte naturvitskapen ved å utvikle fleire av dei viktigaste grunnelementa i matematisk fysikk, seier Tønnessen.
Dagsaktuell forsking
Med planetlovene vart Johannes Kepler ein av dei første til å føresjå Venus-passasjane rimeleg eksakt.
Så medan Venus i desse dagar leika seg framom sola så me alle kunne sjå, presenterer Tønnessen dagsaktuell ny forsking om gamal vitskap. Det må kunne kallast god timing.
Referanse:
Tønnessen, Sigurd : “The birth of mathematical physics – Kepler's proof of the planets' elliptical orbits from causal hypotheses”, doktorgradsavhandling, Universitetet i Tromsø 2012.