Annonse

UiO fekk sjokkrekning for festetomter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Stiftinga som eig store delar av eigedomane til Den norske kyrkja kravde at UiO skulle betala 54 millionar kroner i året i festeavgift i staden for 371 000 kroner, skriv Uniforum.

Oslo tingrett sette i november leiga til 7,4 millionar kroner. Avgjerda er anka til lagmannsretten.

Ein stor del av bygningane til Universitetet i Oslo på Blindern ligg på festa grunn. Det vil seia at UiO ikkje eig tomta, men betalar ei årleg leige for den. 83 prosent av Fysikkbygningen, litt over halvparten av Kjemibygningen, 95 prosent av Helga Engs hus,  heile Farmasibygningen, heile Geologibygningen, og heile ZEB-bygningen ligg på festa grunn.

Powered by Labrador CMS