Annonse

Koner frå Thailand - menn frå Tyrkia

Stadig fleire innvandrarar kjem til Noreg på grunn av kjærleik. Medan 1300 personar frå land utanom Norden fekk opphald for å gifte seg i 1990, var tilsvarande tal 4500 i 2006. Over 2500 av desse kom til ein ektefelle som ikkje hadde innvandrarbakgrunn.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av dei 284 000 innvandrarane frå land utanom Norden som fekk opphald i Noreg frå 1990 til 2006, kom 51 200 personar for å etablere familie.

Dette kjem fram i ein ny rapport fra Statistisk sentralbyrå, der sosialantropolog Gunnlaug Daugstad mellom anna har sett nærare på ekteskapsmønster og familieetableringar over landegrensene i det fleirkulturelle Noreg.

- Av desse var det 40 prosent som kom til ei ektefelle som sjølv hadde innvandra, 3 prosent til ei ektefelle som var norskfødd med innvandrarforeldre og 57 prosent som kom til ei ektefelle i befolkninga elles, fortel Daugstad.

Med omgrepet ”befolkninga elles” meines den delen av befolkninga som ikkje er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.

Fleire menn

Det er meir vanleg for menn enn for kvinner å finne ektefelle frå utlandet. Blant menn i befolkninga elles som gifta seg i fjor, gifta 10 prosent seg med ei kvinne som ikkje var busett i Noreg. Tilsvarande tal for kvinner i befolkninga elles var berre 4 prosent.

- Kvinner med statsborgarskap frå Thailand, Russland og Filippinane representerer dei største gruppene ektefellar frå utlandet, medan dei fleste menn som kjem, kjem frå USA, Tyrkia og Storbritannia, seier Daugstad.

Rapporten tek også for seg innvandrarars og norskfødde med innvandrarforeldres ekteskapsmønster. Innvandrarar frå Pakistan, Tyrkia og Marokko giftar seg i stor grad med personar som ikkje bur i Noreg.

Same land

Innvandrarar frå mange flyktninggrupper (som dei med bakgrunn frå Vietnam og Bosnia) gifter seg i mindre grad over landegrensene.

Norskfødde med innvandrarforeldre er framleis unge. Men dei som allereie har gifta seg følgjer i stor grad det same mønsteret som ein ser blant innvandrarar med same landbakgrunn.

- Samstundes ventar norskfødde med innvandrarforeldrelenger med å gifte seg enn innvandrarar og vel i noko større grad også sambuarskap som samlivsform, avsluttar sosialantropologen.

Lenker:

Gunnlaug Daugstad: Familieinnvandring og ekteskapsmønster - Koner frå Thailand og ektemenn frå Tyrkia, Samfunnsspeilet 4/2008.

Gunnlaug Daugstad: Ekteskap over landegrensene - Ekteskapsmønster og transnasjonale familieetableringar i perioden 1990-2007, SSB-rapport.

Powered by Labrador CMS