Gigantisk utbrot på sola
Etter å ha bygd seg opp over fleire dagar, eksploderte ei gigantisk gassky på sola natt til tysdag.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Over fleire dagar har det bygd seg opp ei gigantisk slangeforma sky på sola. Natt til tysdag eksploderte den og vart slynga ut i verdsrommet.
Den synlege delen av gasskya var meir enn 700 000 kilometer lang, noko som tilsvarer 55 jordklodar lagde etter kvarandre, og heile radien til sola.
– Gassen i denne skya heldt omkring 80-100 000 grader, og det er relativt kjølig, fortel professor Viggo Hansteen ved Institutt for Teoretisk Astrofysikk ved Universitetet i Oslo.
– Gass på den ytre del av soloverflata kan gjerne halde ein million grader, seier Hansteen.
Kjølig gass vil normalt dette ned på soloverflata, men magnetfeltet er sterkt nok til å motverke dette, og halde skya oppe.
Dette er likevel berre ein midlertidig effekt.
____________________