Annonse

Prestisjepris til UiB-psykolog

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dan Olweus, professor ved HEMIL-senteret ved UiB, har fått pris av American Psychological Association for si forsking på mobbing, melder UiB.

Prisen Award for Distinguished Contributions to Research in Public Policy  skal heidra ein psykolog som har gjort ein særskild emprisk eller teoretisk innsats for forsking på offentleg politikk.

Dan Olweus er rekna som ein verdsleiande ekspert på området mobbing og som grunnleggjaren av mobbing som eit eige forskingsområde. I 1970-åra gjennomførte han den første vitskaplege undersøkinga i verda om mobbing i skulen.

Powered by Labrador CMS