Kronikk: Læreplan 97 - på godt og vondt
Lærarane har tatt vel i mot Læreplan 97, men sjølv om dei aksepterer langt på veg intensjonar og tilrådingar, synest mange at planen inneheld krav og forventningar til arbeidet i skolen som vanskeleg kan sameinast.
?for eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. (Paulus brev til romarane 7.16)
Desse pauli ord kan langt på veg illustrere korleis lærarane i skolen har tatt mot Læreplan 97 med omsyn til tema- og prosjektarbeid og bruk av lokalt lærestoff.
På den eine sida vurderer dei læreplanen sine intensjonar, krav og tilrådingar om slike tilnærmingar til læring som riktige og viktige. Men på den andre sida blir gjennomføringa ofte av langt mindre omfang og av dårlegare kvalitet enn det læreplanen føreset og det lærarane sjølve gjerne skulle ønske.
Dette går fram av ein evalueringsrapport innan Noregs forskingsråd sitt Program for evaluering av Reform 97. Evalueringa er gjennomført av Nordlandsforskning.
Tilpassa opplæring
Læreplanane frå 1987 (M87) og den siste frå 1997 (L97) bryt i prinsippet med den sterke standardiseringa av innhaldet i skolen som har prega norsk grunnskole heilt frå 1930-talet.
Med desse planane blir det slått fast at idealet om likeverdig skole skal ein søke å nå gjennom ei opplæring som er tilpassa den enkelte elev og elevgruppe, men innanfor ramma av ein einskapsskole.
Slik tilpassa opplæring, og her er L97 endå meir eksplisitt enn sin forgjengar, skal ikkje minst sikrast gjennom bruk av friare, meir elevaktive arbeidsmåtar og av lærestoff henta frå eleven sitt nærmiljø.
Nasjonal kartlegging og nærstudiar av utvalde skolar
På grunnlag av ei nasjonal kartlegging som omfatta over 360 skolar/rektorar og nesten 2 300 klassestyrarar, blei det henta inn data om tolkingar av, haldningar til, planar for og gjennomføring av L97 i forhold til slik tilpassa opplæring.
I tillegg blei det gjennomført nærstudiar ved eit 20-tals skolar. Her inngjekk så vel observasjon og gjennomgang av ulike planar ved skolane som intervju av rektor, lærarar og representantar for elevar og foreldre.
Skole-Noreg har tatt godt mot L97
Det er gjennomgåande ei positiv haldning mellom rektorar og lærarar til den sterke vektlegginga i læreplanen på friare arbeidsmåtar som tema- og prosjektarbeid og bruk av lokalt lærestoff. Det same gjeld elevar og foreldre.
Mange lærarar ser likevel ein konflikt mellom L97 sine krav og tilrådingar om friare arbeidsmåtar og bruk av lokalt lærestoff på den eine sida, og dei presise læringsmåla og krava om fast progresjon i dei enkelte faga på den andre. Ofte må dei tverrfaglege tilnærmingane vike.
Ein viktig årsak til dette er at læringsarbeidet i skolen framleis langt på veg blir styrt av lærebøkene som er organiserte etter fag og klassesteg. Det er krevjande for mange lærarar å avvike frå dei opplegga lærebøkene legg opp til.
Ein passiv lærarrolle?
Lærarane går langt i å tolke tema- og særleg prosjektarbeid som sterkt elevstyrte aktivitetar. I tråd med dette ser mange lærarar sin eigen rolle ved prosjektarbeid som tilbaketrekt og passiv.
Når så elevane i mange tilfelle ikkje meistrar dei nødvendige tilnærmingane og teknikkane for at frie arbeidsmåtar skal verke læringsfremmande, vegrar lærarane seg får å opne for denne typen arbeid i det omfang som læreplanen tilrår.
Det synest altså både å skorte på kompetanse hos lærarane for denne rolla som pådrivar og rettleiar, og på elevane sine ferdigheiter for friare arbeidsmåtar.
Lokalt lærestoff i store og små skolar
Rektorar og lærarar ved dei mindre bygdeskolane la større vekt på bruk av lokalt lærestoff enn sine kollegaer ved større, oftast meir sentrumsnære, skolar.
Det var også ved dei små skolane at det gjennomgåande var gjort mest for å legge til rette undervisningsmateriell om lokale forhold, identifisere lokale ressurspersonar osb..
Skal friare arbeidsformer og bruk av lokalt lærestoff få den plass i det systematiske opplæringsarbeid som læreplanen føreset og som lærarane meiner er riktig, må det satsast meir på pedagogisk-psykologisk innsikt og metodisk repertoar hos lærarane og på utvikling av nødvendige teknikkar og arbeidsvanar hos elevane.
Samla inntrykk
Nordlandsforskning sin rapport viser at lærarane har tatt vel i mot L97 og aksepterer langt på veg intensjonar og tilrådingar. På same tid synest mange lærarar at planen inneheld krav og forventningar til arbeidet i skolen som vanskeleg kan sameinast.
Sjølv om det enno er langt fram før planen fullt ut kan seiast å gjennomsyre skolekvardagen ved alle skolane rundt om i landet, skjer det mykje godt arbeid ved mange av våre skolar som nettopp er i tråd med intensjonane i planen og som blir høgt verdsett av elevar og foreldre.
Den meir utførlege rapporteringa frå dette evalueringsarbeidet er presentert i rapporten Tema- og prosjektarbeid og bruk av lokalt lærestoff etter L97 som kan lastast ned frå Nordlandsforskning sine heimesider.
Last ned rapporten (pdf)