Annonse

På idéfangst for UiO på Karl Johan

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 

122 idear var den endelege fangsten under UiOs idéinnsamling på Karl Johan laurdag, melder Uniforum. – Målet er å samla inn 10 000 idear, så dette var ein god start, seier prosjektleiar Espen Røsbak i UiO200, UiOs jubileumssekretariat.

Både prorektor Inga Bostad, biologiprofessor Dag O. Hessen og klimaforskar Karen O´Brien var engasjerte for å samla inn gode idear til Universitetet i Oslo midt i laurdagshandelen på Karl Johan. Saman med studentar frå mange ulike fakultetet, stod dei på Karl Johan med kvar sine bøsser for å samla inn idear frå folk flest.

Nokre trudde dei samla inn pengar, og la myntar på innsamlingsbøssene. Andre hasta forbi og sa at dei ikkje hadde pengar å gi. Dei som fekk med seg at dei eigentleg var på jakt etter idear, og ikkje pengar, stansa og begynte å skriva opp ein del viktige idear som Universitetet i Oslo burde engasjera seg i.

 

Powered by Labrador CMS