Annonse

Omsorgsteknologi ved HiB

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskolen i Bergen har satsa sterkt på omsorgsteknologi. Rørslesensorar, trykksensorar, fuktsensorar og fallalarmar er noko av det omsorgsteknologien har å by på.

De har mellom anna etabelert eit labratorium for omsorgsteknologi. Dette er ei visningsleiligheit der teknolgien vert stilt ut og brukt til opplæringsføremål.

Høgskulen har også etablert ei vidaretutdanning i omsorgsteknologi for helsepersonell. Utdanninga er etablert for å auke kompetansen hos helspersonell og sette dei i stand til å ta kloke val og informere om bruk av ny teknologi i omsorgssektoren.

I Hordaland vert dessutan omsorgsteknologi prøvd ut i stor skala i Lindås kommune. Rundt 250 heimar som nyttar heimetenestene testar ut teknologien i praksis. Erfaringane frå forsøket skal kartleggast gjennom eit eige forskingsprosjekt ved HiB.

Powered by Labrador CMS