
Skal sørge for eit lusefritt laksefengsel
For litt under ein månad sidan vart den første laksen sleppt ut i ein flunkande ny prototype-merd nord i Trøndelag.
Med nót i stål og vasstraum inkludert skal merden Aquatraz både hindre rømming og trimme laksen, medan Norsk institutt for vassforsking (NIVA) held auge med lusa og vassmiljøet i merden.
Namnet på det nye merd-konseptet er inspirert av fengselsnamnet Alcatraz, fengselet på ei øy i San Fransisco-bukta som ingen fange kunne rømme ifrå. Målet for den nye merden er at han skal vere like rømmingssikker – og forhåpentleg meir lusefri.
–Det er stas og veldig artig å få vere med på dette prosjektet, seier forskar Sara Calabrese ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA).
Ho og kollega Anders Hobæk er nettopp komne heim frå prøvetaking. Merden ligg i Eiterfjorden nord i Trøndelag, og i det komande året skal NIVA drive miljøovervaking i merden.
Les heile saka på NIVA.no.