Annonse

Skandinavisk samhald og svik

Svenskane opplevde 7. juni 1905 som eit vennskapssvik, og trekte seg såra ut av det tette skandinaviske samarbeidet som blomstra i perioden 1895-1905.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Store delar av det etablerte nordiske samarbeidet braut saman på grunn av unionsoppløysinga i 1905. Dei svenskane som hadde gått mest opp i det skandinaviske samarbeidet var bitre og sinte.

– Særleg måten unionen vart oppløyst på, vart opplevd som eit svik mot ein tidlegare venn, fortel Ruth Hemstad.

Ho har skrive doktorgradsavhandling om skandinavisme og skandinavisk samarbeid ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved  Universitetet i Oslo.

"– Unionsoppløysinga sette sterke kjensler i sving, fortel historikar Ruth Hemstad. (Foto: Annica Thomsson)"

Oppsving i samarbeidet

I avhandlinga Fra Indian Summer til nordisk vinter viser Hemstad at det i tidsrommet 1895-1905 eksisterte eit tett skandinavisk samhald som hittil har vore ukjend.

– I denne perioden var det eit omfattande samarbeid mellom dei tre landa i Skandinavia, ikkje minst på det kulturelle området.

– Men også skandinavismen som ideologi fekk eit sterkt oppsving desse åra, særleg i Danmark og Sverige.

– I Noreg var ein meir skeptisk, for dette var midt i unionsforhandlingane, som varte frå 1885 til 1905.

Eit stort svart hol

Tradisjonelt har ein plassert skandinavismen i perioden 1840-1864.

– Men eg meiner dette er ei skeiv oppfatning. Ein har tidlegare snakka om ”eit stort svart hol” i det skandinaviske samarbeidet mellom 1864 og 1919.

– Men denne perioden har vore lite undersøkt tidlegare, og eg har prøvd å tette igjen holet. Særleg har eg konsentrert meg om nyskandinavismen som voks fram mot slutten av 1800-talet som varte fram til 1904-05.

– Kva er eigentleg skandinavisme?

– Det er ein ideologi som utvikla seg parallelt med nasjonale idear, men som handla om å sjå Noreg, Sverige og Danmark som ein einskap. Midt på 1800-talet var målet å nå fram til ein politisk einskap.

– Men i den seine skandinavismen som eg har sett på, er det den kulturelle einskapen som er sentral.

Slutt på møta i 1905

"Ei rekkje nordiske møte vart avlyste i og etter 1905, og det kunne ta mange år før møta kom i gang att. Det nordiske sundagsskolemøtet vart ikkje helde før i 1922. Her frå Svenska Dagbladet, 17. april 1907."

Hemstad har kartlagt over 100 ulike typar nordiske møte i perioden 1839 og 1905.

– Det er snakk om både fagmøte, profesjonsmøte og møte i folkelege rørsler, som til dømes avhaldsmøte og misjonsmøte.

– Samarbeidet varte heilt fram til våren 1905, då Noreg meldte avbod til fleire nordiske møte og idrettsarrangement.

– Etter 1905 opphøyrde både møta og dei kulturelle arrangementa, og ei rekkje skandinaviske foreiningar vart nedlagt.  Det nordiske samarbeidet kom ikkje i gang att før rundt 1.verdskrig.

Sterke kjensler i sving

Det er skrive lite om den seine skandinavismen i norsk samanheng. Og ingen har tidlegare undersøkt kor negativ effekt unionsoppløysinga hadde på det nordiske samarbeidet.

"Nyskandinavismen sitt draumesyn slik det vart karikert av vittigheitsbladet Søndags-Nisse hausten 1905: «Svea. Gå nu din väg, så går jag min, så träffas vi kanske där framme.» (Kungl. biblioteket, Stockholm, hentet fra www.nb.no/baser/1905)."

– Avhandlinga mi handlar mykje om sterke kjensler. Eg har studert brev, dagbøker, innlegg i aviser og tidsskrift, og her dukkar sterke kjensler opp mellom linjene, både i form av sterk entusiasme for det skandinaviske fellesskapet og dei bitre kjenslene etter 1905.

– Det er vanskeleg for ein historikar å vurdere kor mykje kjensler har å seie for ei historisk utvikling, men i dette tilfellet er det tydeleg at kjenslene har vore svært viktige, seier Hemstad, som også var koordinator for 1905-prosjektet frå 1999 til 2005.

Avhandlinga hennar kjem før sommaren ut i bokform på Unipax.

Peikarar:

Nordisk samhold – nordisk svik – pressemelding om disputasen

Prosjekt 1905

Powered by Labrador CMS