Statleg senter for arkiv, bibliotek og museum
Statens nye senter for arkiv, bibliotek og museum er etablert frå 1. januar 2003, og heiter ABM-utvikling. Senteret skal samordne og utvikle dei tidligare Statens bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling.
Målet er blant anna at AMB-utvikling skal gi brukarane betre mogelegheiter for kunnskapsutvikling og læring samt betre innsyn i dokumentasjon av kulturell, forvaltningsmessig og rettsleg verdi.
Styrke samarbeidet
Bakgrunnen for samanslåinga er mellom anna anbefalingar frå ei arbeidsgruppe om å styrke samarbeidet innan museumsfeltet, og om å få i stand tettare samhandling mellom universitetsmusea, etatsmusea og dei andre musea.
Arbeidsgruppa har også anbefalt eit styrka samarbeid innan bibliotekfeltet, og mellom fag- og forskingsbiblioteka og folkebiblioteka.
Ei av årsakene til samanslåinga er ønsket om å satse på utfordringane og mogelegheitene i dagens og morgondagens informasjons- og kunnskapssamfunn, blant anna gjennom ei felles utnytting av kunnskapskjeldene mellom dei tre delsektorane.
Senteret skal også ta seg av oppgåver på arkivfeltet.
Kompetansesenter og pådrivar
ABM-utvikling skal i tillegg vere sekretariat for Den kulturelle skulesekken - eit nasjonalt utviklingstiltak for meir kunst og kultur i skulen - og Nordbok - Nordisk litteratur- og bibliotekkomité, og vil ha ansvaret for vidare utvikling og drift av Kulturnett Noreg.
Det skal også vere eit kompetansesenter for arkiv, bibliotek og museum, og sørgje for ei framtidsretta satsing på innsamling, dokumentasjon, forsking, bevaring, tilrettelegging og formidling. I tillegg skal senteret vere ein pådrivar i utnytting av IKT, og inspirere til utvikling og omstilling i heile sektoren.
Senteret skal forvalte statlege tilskotsordningar. Kultur- og kyrkjedepartementet har det overordna ansvaret, og direktør er Jon Birger Østby. Senteret er lokalisert i Oslo.
Lenker:
Senteret har eigne nettsider her: ABM-utvikling
Rapport frå arbeidsgruppe 2001: Tverrsamband