Annonse

Kronikk: Putt maneta i ei nettingstrømpe

Formidlingstilsette ved universiteta bør ha gulrøter i den eine handa og silkehanske på den andre for å få ut viktig forsking frå bekymra kjelder. Det treng ikkje media å ha. Det er ikkje deira rolle, skriv Elin F. Styve i denne kronikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Elin Folgerø Styve

Styve er konstituert formidlingsdirektør på Universitetet i Bergen.

Forskarar som vil nå ut i media må finna seg i at omverda ikkje bryr seg om fotnotar. Og dei riktig rause legg farge til forteljinga si.

Likevel er det mykje viktig forsking som burde fått meir merksemd enn den gjer i dag, fordi kjeldene – ofte med god grunn - er redde for at tunge tema skal bli banalisert og forenkla til det meiningslause.

Her bør me som formidlingstilsette ved universiteta ha gulrøter i den eine handa og silkehanske på den andre. Det treng ikkje media å ha. Det er ikkje deira rolle.

Formidlings-kinderegg

Denne kronikken kunne hatt tittelen: ”Forskingsstoff i media – forskarens premiss for deltaking”, eller kanskje ”Når media vil ha lettvinte svar”. Tittelen eg derimot har valt, er undringsskapande og kanskje litt sexy, og kanskje fleire nappar på innlegget enn om eg hadde brukt dei andre titlane. Dette kjem eg tilbake til.

Først skal eg fortelja om forskaren i marinbiologi som bala med idear for å få gjennomført prosjektet med å måla storleik på manetene som invaderte Lurefjorden.

Til slutt gjekk ho og kjøpte restlageret av nettingstrømper på Hennes & Mauritz. Framgangsmåten vart ein suksess, og brune, klysete maneter hang på rekke og rad i lekre nettingstrømper på forskingsstasjonen i Espegrend, medan forskaren fekk gjort sine viktige registreringar.

Metoden førte i tillegg med seg eit kinderegg av formidlingsgodar som ikkje var tilsikta i utgangspunktet:

• Grunnforsking innan marinbiologi kunne synleggjerast på ein underhaldande og godt illustrert måte

• Ung, kvinneleg forskar tidleg i karrieren fekk merksemd for det som elles i media ville kunne reknast som eit litt nerdete prosjekt utan endelege resultat enno – analyser av Periphylla periphylla-invasjonen i Lurefjorden

• Folk som las artikkelen kunne få eit nærare forhold til forsking og forskingsprosessar som noko anna enn høgtsvevande og utilgjengelig. Me fekk vist fram kreativiteten som ofte ligg bak den elles tilsynelatande firkanta forskinga

Dette er enkelt. Det er også himmelropande sjølvsagt for ein journalist, og for oss som jobbar med kommunikasjon ved universiteta.

Fleire tanker i hovudet

Like enkelt eller legitimt er det ikkje alltid for ein forskar å tenka slik. Som formidlingstilsette ved Universitetet i Bergen (UiB) møter me ofte vitskapeleg tilsette sin skepsis mot å ”snakke med media”.

Som kommunikasjonsarbeidarar og interne journalistar ved universitetet må me likevel ha fleire tankar i hovudet samstundes, når vår rolle vert diskutert.

På den eine sida vil og kan me ikkje gå god for myten om at media berre vil ha sex og sirkus, for det er feil, på den andre sida kan me forstå at enkelte forskarar er skeptiske til korleis omtale av deira resultat eller prosjekt vert vrengd i ei retning dei ikkje kan stå inne for til slutt.

Endå verre, i alvorlege tilfelle kan ”ny viten” skapa håp for eksempelvis kreftsjuke, dersom omfanget eller betydninga av funn vert overdrive av media. Det kan også oppstå eit stort og ubehageleg press frå publikum mot forskarane som står bak slik forsking.

I tillegg til tidspress, publiserings- og undervisningsansvar og anna som forskarar skal driva med er dette faktorar som gjer det enkelt for forskarar å takka pent nei når media ringer.

Og ikkje minst kan terskelen for mange vera svært høg for sjølve å ta kontakt med media og fortelja om kva dei held på med. Og tru det eller ei: Mange er sjenerte, og trur ikkje dei har så mykje å skriva heim om overfor ålmenta. Dei snakkar heller til sine fagfeller, enn til det store fleirtalet av avislesarar, radiolyttarar og tv-sjåarar.

Må bli trygge i rolla

Ved UiB har Formidlingsavdelinga ei årrekkje arbeidd dedikert med forskingsformidling gjennom media, og med å bygga opp kompetanse innan mediekontakt blant motiverte vitskapeleg tilsette.

Gjennom systematisk kontaktarbeid med media og bruk av eigne journalistiske kanalar som nettavisa På Høyden, tv-produksjon og magasinet Hubro er forsking ved UiB godt synleg i nyhetene nasjonalt. I nettavisa forskning.no, der me kan få publisert saker, har UiB lege på topp i talet på artiklar frå medlemsinstitusjonane dei siste åra.

Også Universitetet i Oslo vil no ta eit krafttak for å styrka forskingsformidlinga, kjem det fram i intervju med rektor Ole Petter Ottersen i Aftenposten 4. november.

”Formidling er en av universitetets tre hovedoppgaver, ved siden av undervisning og forskning, og vi er nødt til å begynne å ta den alvorlig” seier Ottersen i avisa. På spørsmål om korleis forskarane lettare skal bli forstått, svarar han: ”Språket må tilpasses. Det blir fort tørt og kronglat.”

Så til praksis. Som formidlingstilsette ved UiB møter me eit stort sett av forventningar, og desse skil seg frå dei forventningane forskarar gjerne har til eksterne media. Dette er ei interessant rolle.

Samstundes som me veit kva som skal til for at stoffet skal få gode oppslag utanfor UiB og breitt nedslag nasjonalt og av og til internasjonalt, lever me tettare på forskarens dilemma, der me lett kan identifisera oss med deira frykt for å gje slepp på kontrollen over stoffet ”sitt”.

Me vil gjerne få forskarar til å forstå og anerkjenna medias anatomi, bli trygge på rolla i mediemanesjen, og gje seg i kast med journalistar i nasjonale media. Men for å få med flest mogleg, og ikkje berre kloningar av Frank Aarebrot, Ole Didrik Lærum og andre gudbenåda formidlarar, hjelper det ikkje å berre postulera at forskarar må vera spissformulerte, underhaldande og veltalande.

Gode journalistiske verkemidlar

Forventningane til oss spenner frå eit ønskje om at me skal ha djup innsikt og vera fagleg oppdaterte i dei mange hundre fagområda det vert forska på ved UiB, til at stoffet me presenterer i eigne kanalar skal vera heilt og fullstendig redigert av kjeldene sjølve – også det som går ut over rein faktasjekk og sitat.

Ja, til og med titlar ønskjer enkelte kjelder å vera med å bestemma. Noko slikt ville vore heilt utenkjeleg for ei normal avisredaksjon å etterkomma. I våre eigne media ser me gjerne på forskaren som ein medprodusent i den redaksjonelle prosessen, meir enn ei pirkete plage, og me strekkjer oss ofte lenger enn ein vanleg redaksjon for å etterkoma kjeldene sine ønskjer om ”flikking” på sitat og fakta i etterkant. Dette har hovudsakeleg to årsaker:

• Som universitetskanal skal me kunna stå for ein presentasjon som ikkje nødvendigvis berre er enkel og underhaldande, men også korrekt, forklarande og etterretteleg (dette treng ikkje vera motsetnader!)

• Forskarane viser gjerne til våre artiklar som bakgrunnsmateriale når dei går vidare ut i media, eller media brukar vårt stoff som kjelde direkte. Kravet til korrekthet og semje med forskaren om framstillinga vert dermed viktig

Midt oppi dette brukar me heile verktøykassa av journalistiske verkemidlar for å få fram innhaldet i saka. På dei 150 åra journalistikken har eksistert, er det enno ikkje funne opp betre presentasjonsmåtar enn det dette faget byggjer på, når ein skal nå ei stor mengde mottakarar på kort tid.

Likevel har me også grenser for kor langt me strekkjer oss for å imøtekoma ”fotnote-manien” hjå enkelte kjelder, eller når alle faktiske sitat vert trekte tilbake eller omskrive/pynta på når kjeldene får saka til gjennomlesing.

Ved eitt tilfelle opplevde eg som redaktør at ei kjelde ikkje klarte å slå seg til ro med det vedkomande sjølv hadde lagt fram i intervjuet, korrekt sitert, og ville at me berre skulle klippa prosjektskildringa frå nettet og trykka den. Men det er ikkje slik magasin vert laga, korkje ved UiB eller andre stader. Saka kom sjølvsagt aldri på trykk. Eg kan berre håpa at kjelda seinare var litt smidigare i møte med eksterne media.

Respekt for kvarandres fag

”Våg å vera lågmælt” sa eg i eit innlegg på det nasjonale forskning.no-seminaret ved UiB i oktober. Fossil-forskar Jørn Hurum hadde nett snakka om Ida-stormen og kva som gjekk bra og ikkje så bra i formidlinga av dette funnet, og om då medias sentrifugalkraft tok over kontrollen.

Er det defensivt å seia at me godt kan fortelja om forskinga vår og resultata våre ei på ein lågmælt, nøktern måte? Nokon tykkjer det. Andre er samde i at samsvar mellom relevansen i funn og storleik på overskriftene gjer oss meir truverde som avsendarar og formidlarar over tid.

Korleis kan folk framleis bli sjuke, etter alle dei gongane kreftgåta er løyst på framsida av tabloidavisene? Me bør få fram at det aller meste av forskinga som går føre seg på dei norske universiteta er små brikker i kjempestore, ofte globale, puslespel. Desse prosessane har mykje meir ved seg enn nett det å servera eit ferdig resultat til omverda.

Som formidlingstilsette ved UiB jobbar me for at fleire forskarar skal akseptera at journalistar har ein fagkompetanse ein skal respektera. Samstundes kan godt fleire kle forskinga si i nettingstrømper, for å setja det på spissen.

Når det er sagt vil me saman med forskarane ta ansvar for at ikkje berre det enkle og lettselde stoffet vert omtala i våre eigne kanalar. Dersom me liknar alle andre, er me ikkje spesielle for nokon. Og viss ikkje me byggjer bru mellom dei to formidlingskulturane i media og akademia, kven gjer det då?

Powered by Labrador CMS