Annonse

For få kvinner blir historieprofessor

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvinner får sjeldan professorat i historie på UiO, meldar Uniforum.

– Det har mest å gjera med fagkulturen, seier forskar Cathrine Egeland ved Arbeidsforskingsinstituttet.

Historiefaget ved UiO ville ikkje lenger bli stempla som ein mannsbastion. I dag er 21 prosent av professorane kvinner, medan gjennomsnittet på UiO er rundt 29 prosent.

For å finna ut kvifor det likevel er blitt eit mannsdominert fag, fekk forskar Cathrine Egeland på Arbeidsforskingsinstituttet og forskarkollegaene hennar, Cathrine Tømte og Hebe Gunnes frå NIFU oppdraget med å finna ut kvifor det er blitt slik.

– Konklusjonen vår er at det er ingen grunn til å seia at historie i seg sjølv er eit gutefag. Me kan likevel seia at fagkulturen passar best for gutane sin veremåte. Det er eit fag med ein fagleg definert kjerne, der kvinner ofte hamnar litt ute i periferien. Det empiriske tyngdepunktet i dette faget er kjeldegransking. Fagmiljøet har samtidig mangla interesse for teoriutvikling, fortel forskar Cathrine Egeland. 

Powered by Labrador CMS