Mikroelektronikk kan gi lysande tatoveringar
Lysande operasjonssting og tatoveringar som lyser av seg sjølv blir mogleg med nye ultratynne lysande mikromateriala utvikla av amerikanske forskarar.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar ved University of Illinois i USA har klart å lage ordna nettverk av bitte små lysdiodar (såkalla LED) som kan trykkast på ei mengde bøyelege underlag.
Underlaget kan vere alt frå gummistrikk til ballongar, papirark, tape og kirurgiske hanskar.
Diodegitteret er svært tøyeleg, og kan strekkast, brettast og vris i alle retningar saman med underlaget utan å bli øydelagt.
____________________