Lokal atomkrig gir global klimaendring
Sjølv ein liten atomkrig vil gje enorme klimaendringar, ifølge atomvinterforskar Alan Robock.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Den kalde krigen kunne fort ha blitt mykje kaldare dersom supermaktene hadde fyrt av atomvåpna.
På 1980-talet samarbeidde sovjetiske og vestlege forskarar om å kartlegge dei klimatiske konsekvensane frå ein potensiell atomkrig mellom USA og Sovjet, og fann då at ein atomkrig vil forårsake betrakteleg lågare temperaturar over ein lengre periode.
Alan Robock, som er professor ved Rutgers University i New Jersey, har forska vidare på feltet med nye klimamodellar som er betre tilpassa dagens tilhøve. Denne veka besøkte han Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.
Klimaendringar utan presedens
Med bakgrunn i Robock si forsking kjem det mellom anna fram at ein mindre atomkrig, som til dømes ein mellom India og Pakistan eller i Midtausten, kan produsere klimaendringar som er utan sidestykke i den menneskelege historia.
– Det vil få enorme klimatiske endringar ved å ta i bruk berre ein fraksjon av den atomvåpna som i dag finst i verda, seier Robock.

Robock sitt forskarteam brukar moderne klimamodellar og nye berekningar frå røyken som blir generert i naturlege brannar i store byar til å kalkulere korleis klimaet vil reagere på ein regionell atomkrig.
– Vi finn at det vil skje ei betrakteleg nedkjøling og regnmangel som vil vare i fleire år, noko som drastisk vil påverke den globale tilgangen på mat, seier Robock.
Klimaendringane er på sett og vis mindre dramatiske enn det ein har komme fram til ved den tidlegare forskinga, men dei vil vare lenger.
Dette er mellom anna fordi dei eldre modellane ikkje representerte godt nok kor langt røykpartiklane vil stige i stratosfæren.
Med eit betre mål på dette kan vi no seie meir om kor lenge dei vil halde seg der oppe, seier han.
Krig ved uhell

Atomvinter kan ikkje førekomme etter uhell frå til dømes atomreaktorar, det vil seie at det må vere menneskeleg innblanding for at eksplosjonen som forårsakar vinteren kan finne stad.
– Nokon må faktisk ta valet og trykke på detoneringsknappen, men vi veit også at dei som sit på denne makta kan ta dette valet ved eit uhell, seier Robock.
Robock minner om at verda var tastetrykket frå atomkrig grunna ei misforståing fire år etter den kalde krigen var over, i 1995.
Den etterkvart verdskjende forskingsraketten som skulle innhente data om nordlyset blei skoten opp frå rakettskytefeltet på Andøya, men kom på russarane sin radar fordi den hamna på ei nordlegare bane enn det som var planlagt.
Boris Jeltsin skal ha sete klar med atomkofferten, og dette var den første og einaste gongen ein statsleiar har vore så nær å utløyse ei atomavfyring.
– Kva det var som stoppa han veit vi ikkje, men då han lukka kofferten redda han verdsmiljøet frå år med frost, øydelagde avlingar og svelt.