Ein notis frå Vestlandsforsking - les mer.

Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet er den nye styreleiaren i Vestlandsforsking. Han kjem frå Årdalstangen og er i dag politikar på heiltid.

Ny styreleiar i Vestlandsforskning

Fylkestinget i Vestland vedtok 4. mars nytt styre for Stiftinga Vestlandsforsking. Den nye styreleiaren er Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet, medan Silja Ekeland Bjørkly frå Høgre er nestleiar. Dei andre medlemmene er sterke profilar innan forsking, teknologi, klima, reiseliv og media.

– Det viktige no blir å finne ut kva slags posisjon Vestlandsforsking skal ta i den nye fylket Vestland. Det opnar seg nye mogelegheiter til å ta større plass enn i dag, seier Aleksander Øren Heen. Han er oppteken av å utvikle Vestland, og meiner forsking og kunnskap er eit viktig grunnlag for å få til vekst og utvikling i fylket.

Direktør Anders-Johan Almås er glad for at Vestlandsforsking har fått eit svært solid styre som både har politisk tyngde og høg kompetanse innan instituttet sine satsingsområde.

Les meir om det nye styret på nettsidene til Vestlandsforsking

Powered by Labrador CMS