Annonse

Psykologi og rettsvitskap på UiO er dei mest populære studia

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Profesjonsstudiet i psykologi på UiO er det mest populære førstevalet mellom søkjarane til høgare utdanning i år, skriv Uniforum.

I reine tal er det aller flest søkjarar som har rettsvitskap ved UiO som førsteval. Det er størst auke til lærarutdanning og realfag, viser søkjartala frå Samordna opptak.

Det er studieprogramma innanfor realfag, utdanningsvitskap og teologi som har den sterkaste prosentvise veksten i søkjartala på Universitetet i Oslo. Størst er auken på teologiske fag med 15 prosent, deretter fylgjer utdanningsvitskap med 10 og realfag med åtte prosent. På UiO går språkfag fram med seks prosent samanlikna med fjoråret. 16 992 søkjarar har UiO som førsteval. Dei konkurrerer om 5931 studieplassar på 97 studieprogram.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært nøgd.

– Årets søkjartal er motiverande lesing. Det er veldig gledeleg å sjå at satsingane våre nyttar. Universitetet i Oslo får fleire søkjarar til teknologifag, fleire jenter til realfag og ikkje minst er våre nye program for lærarutdanning attraktive. Dette er ei rett utvikling for Noreg, og no gler me oss til å ta imot dei nye studentane til hausten, seier Ole Petter Ottersen i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen gler seg over at fleire ungdommar vel fag som samfunnet har behov for.

– Eg er spesielt nøgd med at den positive utviklinga til lærarutdanninga, teknologi og realfag held fram. Ungdommane gjer kloke val, synest Torbjørn Røe Isaksen.

Tala frå Samordna opptak syner at 120 000 ungdommar søkjer høgare utdanning i år. Det vil seia at rundt 2800 fleire unge enn i fjor vil skaffa seg ei høgare utdanning. Dette utgjer ein auke på 2,4 prosent.

Powered by Labrador CMS