- Vellykka forskingsformidling, seier Frank Aarebrot. Han siktar til intervjuet i eit NRK-program der Kristoffer Schau et potegull og slikkar dipp frå stumpen av den amputerte foten hans.
Universitetet iBergen
Njord V.Svendsenjournalist
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
I skrå vinkel på ein bukett av bøker og papir omtrent midt på pulten ligg telefonen. Den ringer ofte.
- Eg seier alltid enten ja til alle eller nei til alle. Som regel blir det ja.
Mediekonge
Du har kanskje lest og høyrt ein del til psykologen Frode Thuen, medievitaren Jostein Gripsrud eller juristen Jan Fridthjof Bernt, alle forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) med høg medieprofil.
Du treng heller ikkje ha spesiell interesse for antropologi eller astronomi for å kjenne til Thomas Hylland Eriksen eller Knut Jørgen Røed Ødegaard frå Universitetet i Oslo (UiO), som begge har Forskningsrådets formidlingspris hengande på veggen.
Derimot har du ikkje lest aviser, høyrt på radio eller sett på TV i 2004 dersom du har gått glipp av Frank Aarebrots spissformuleringar i avisene og genuine røykhoste for open mikrofon. Professoren i samanliknande politikk er UiBs og kanskje heile universitets-Noregs ukrona mediekonge.
Statistikken frå medieovervakingsbyrået Magenta viser at Aarebrot vart referert i norske nyhendemedium - og her er radio og fjernsyn ikkje inkludert - 630 gongar i 2004. Det er omtrent 450 fleire treff enn Hylland Eriksen hadde og 150 fleire treff enn Røed Ødegaard fekk.
Frode Thuen plasserer seg midt i mellom med sine 210. Statistikken viser at UiB totalt sett er mindre i media enn både UiO og NTNU. Kva hadde UiB vore utan Aarebrot?
Oppsvinget
Historia om rikssynsar Aarebrot begynner, ifølgje rikssynsar Aarebrot, for om lag 15 år sidan. Då vart TV2 lagt til Bergen, og han og professorkollega Lars Svåsand var hyra inn for hjelpe den nye utanriksavdelinga med å lage ei oversikt over ekspertar som kunne kallast inn i studio etter behov.
- Då lærte eg ein del om fjernsyn. Dei var sjølvsagt ute etter gode fagfolk som kunne snakke. Men det viktigaste kriteriet var kor langt borte frå Nøstet dei bodde. Dei ville ha folk med adresse i maks 30 kilometer radius frå studio.
- Det har rett og slett samanheng med at fjernsynsproduksjon er så komplisert. Ein radio- eller avisjournalist tar med seg blokk eller bandopptakar, men for fjernsynet er det mykje billegare å få folk til seg, inn i studio.
Den lærdomen fekk også Aarebrot til å forstå eit anna fenomen:
- Det slo meg kvifor folk frå Universitetet i Oslo hadde vore så totalt dominerande som kommentatorar i fjernsynet.
Med ein ny TV-kanal med hovudredaksjon i Bergen opna ei ny tid seg. Professoren bur tilfeldigvis under tre mil frå både TV2 på Nøstet og NRK på Minde.
Når du ber Aarebrot om å forklare kvifor han har blitt ein av Noregs viktigaste mediekommentatorar, får du anekdoter, men like mykje ein analyse av strukturar og ytre forhold. Slikt som tremilsregelen, som takka vere bustadadressa førte han inn i fjernsysnsstudio.
Og at fagområdet hans har fått eit voldsomt oppsving etter demokratiseringsbølgja som har rulla over verda etter Berlinmurens fall, med påfølgjande informasjonsbehehov.
- Vi merkar det godt på heile instituttet, vi fyk jo over heile verda for tida. Men det absurde i forhold til norske medier er at eg har kjensla av å bli intervjua stort sett om norske forhold, det som no er mest hobby for meg. Dei siste bøkene mine handlar om Aust-Europa, seier Aarebrot, som også har eit professorat i Ørebro og jamleg held forelesingar i Frankrike og Tyskland.
Annonse
Er det så kanskje litt karisma og personlegdom inne i biletet, og ikkje berre ei medieverd i endring og aukande etterspurnad etter ekspertar på internasjonal politikk?
“Sinnssvakt forslag”
Ein dag Aarebrot fiskar fram røret frå papirhaugen, er det komikaren Harald Eia som er i andre enden. “Eg har eit sinnssvakt forslag, ver snill å ikkje legge på”. Omtrent slik formulerer han seg. Aarebrot legg ikkje på. Nokre dagar seinare sit han i Team Antonsen sitt TV-studio i Oslo og vert intervjua av Bård Tufte Johansen, medan Kristoffer Schau demonterer protesen, smører stumpen av den amputerte foten inn med rømmedipp, knaskar potetgull og slikkar av.
I bakgrunnen agerer Harald Eia forskar i kvit frakk, som skal teste kor mykje makker Atle Antonsen får med seg av samtalen. “Fjernsyn er et mer følelsesladet medium som kanskje ikke får frem de intellektuelle resonnementene på samme måte som radio”, seier Aarebrot.
Hadde det ikkje vore for at Harald Eia har hovudfag i sosiologi med den franske tenkaren Pierre Bourdieu som spesiale, hadde han neppe fått Bergens-professoren med.
- På telefonen begynte vi å snakke om Bourdieu og teorien han har om fjernsynet. Ifølgje Bourdieu er fjernsynet eit distraksjonsmedium som gjer at sjåarane mistar samanhengen snarare enn å gjere dei i stand til å tenke samanhengande. Etterkvart kom eg fram til at, ja, eg stiller opp, dersom eg får formidle Bourdieus poeng, fortel Aarebrot.
Dermed vart det slik. Medan Schau sørgjer for total distraksjon, legg professoren fram Bourdieus teori i ro og mak. Atle Antonsen får ikkje med seg noko som helst - og består testen.
- Stuntet hadde stor formidlingsverdi. Sketsjen formidlar Bourdieus poeng på ein vellykka, om enn overdriven, måte, konkluderer Aarebrot.
Halvt minutt prostitusjon
Telefonen i papirhaugen ringer. Denne gongen er det kona som melder om middag. Ifølgje seg sjølv har Aarebrot, med eitt unntak, aldri fått skikkeleg kjeft frå familien for noko han har stilt opp på, heller ikkje for stuntet i Team Antonsen.
- Einaste gongen eg har fått skikkeleg kritikk var ein gong eg hadde på meg eit blått slips i eit valstudio med blå bakgrunn. Då var det nokre slektningar oppe i Florø som ringte inn og gjorde det klart at dette gjekk ikkje an. Det såg ut som det var hol gjennom meg. Få sekund før sending fekk eg bytta slipset.
Eigentleg er Aarebrot samd med Bourdieu. 1 000 TV-bilder seier ikkje meir enn 1 000 ord. På TV er det knapt tid til å servere ei overskrift.
Annonse
- Når eg har vore på fjernsyn, seier folk “såg deg på TV i går”. Når eg har vore på radio seier folk “høyrde deg på radio i går”.
Men fjernsynsjournalistane er flinke til å snakke med folk på førehand, slik at den overskrifta du seier trass alt er essensiell for det du prøver å få fram, meiner Aarebrot.
- Vi har det privilegiet som såkalla ekspertar at vi svært sjeldan blir utsette for fiendtlege intervju. Mange akademikarar tør ikkje å bli intervjua i fjernsyn fordi dei trur dei får same handsaming som Thorbjørn Jagland. Men det får dei ikkje, seier Aarebrot.
Som hovudsakleg ser på TV som ein døropnar:
- Den effekten kan ikkje undervurderast. Når du får trynet på fjernsyn, dukkar du fort opp i alle moglege andre sammanhengar. Eit halvt minutt med prostitusjon kan føre til mykje ærbar formidling.
Provoserande
Skal du verkeleg utnytte trynefaktoren i TV, kan du gjere som Aarebrot gjorde på ei mediamesse i Bergen for nokre år sidan. Du kan provosere, medvite og meir eller mindre kalkulert.
- Eg hadde sette på desse avstemmingane, der sjåarane kan ringe inn si meining i debattprogramma. Det er noko svineri, og eg ville at folk skulle bli merksame på dette. Eg ville verkeleg ha ein debatt, og valte å provosere for å få kome med meir informasjon i neste runde, mimrar Aarebrot.
Ein kveld Oddvar Stenstrøm luta rundt i Holmgang-studio og oppfordra det norske folk til å seie si meining om innvandring, sat Frank Aarebrot saman med eit meiningsmålingsbyrå i Bergen og utførte ei parallell undersøking, men med samfunnsvitskapelege metodar.
Resultata viste seg å vere stikk motsette av Stenstrøm sine. I konklusjonen under foredraget på mediemessa kritiserte Aarebrot TV2 og Stenstrøm for med viten og vilje kringkaste eit falskt fleirtal mot innvandring. Og Stenstrøm hadde slik sett eit medansvar for det rasistiske drapet på Arve Beheim Karlsen.
- Salen var stappfull av journalistar, og dei stod sjølvsagt i kø etterpå. Resultatet vart at eg fekk to sider i Dagbladet der eg i detalj fekk greie ut dei nyansane eg ville ha fram, og vi fekk ein skikkeleg debatt i Noreg.
Bernt Aarebrot
Annonse
På grunn av sitt namn og rykte skal Aarebrot halde eit foredrag for medisinarar. Tema: Korleis handtere media. På dataskjermen på kontoret har han teikna opp ein optimistisk journalist i grønt på veg inn til ein lege som står på ei gresk søyle. Neste teikning viser journalisten i raudt, på veg ut med hatten trekt ned over augene.
- Det er viktig å vere litt generøs med journalistane. Då får du generøsitet igjen. Og du bør ikkje ha for ømme tær. Den hender jo at akademikarar gjer feil også, seier Aarebrot.
Han synest journalistane er flinke til å referere han rett. Stort sett.
- Her for nokre veker sidan vart Bernt Aardal ringt opp av ein journalist i VG. Journalisten trudde han snakka med meg. Bernt sa mykje fint i mitt namn, han.
Ein umiskjenneleg miks av rå latter og røykhoste smell i kontorveggane.
Aarebrot synest ikkje det er noko i vegen for å formidle i danna former gjennom ein kronikk i Aftenposten. Det hender han gjer det også. Samstundes krev informasjonssamfunnet i dag eit breiare register, meiner han.
- Men eg vil ikkje anbefale nokon å begynne med Harald Eia.