Mange rullestolbrukarar har få forbilder dei kan lære av i kvardagen. Derfor er eit rullestolkurs viktig.
Rehabiliteringskurs der deltakarane har varierande og ulike erfarings- og ferdigheitsnivå representerer ei sjeldan anledning til å lære av meir erfarne brukarar.
Det gir ei fin muligheit for læring, seier forskar Øyvind Standal som har skrive ei doktoravhandling om læring i rehabilitering.
Kroppsleg og sosial læring
Han har sett på den kroppslege og sosiale læringa som skjer mellom deltakarar i rehabilitering på eit rullestolkurs ved Beitostølen helsesportssenter.
Her lærer deltakarane både rullestolferdigheiter og tilpassa fysiske aktivitetar.
- I mi forsking har eg hatt eit pedagogisk og filosofisk blikk på læringa som skjer i rehabilitering, og to former for meiningsrelasjonar blir drøfta.
Læring før ein har tenkt seg om
Observasjon og imitasjon er sentralt. Imitasjon er i denne samanhengen ikkje eit spørsmål om at ein bestemmer seg for å etterlikne ein annan:
Den kroppslege læringa er før-refleksiv. Det vil seie at den skjer før vi veit ordet av det.
Den franske filosofen Maurice Merleau-Ponty hevdar at ”det avgjerande no” i læring trer fram når ein meiningsrelasjon mellom situasjonen og kroppssubjektet oppstår.
Det vil seie at før vi veit ordet av det er vi berørt av meining. Imitasjon er ein heilt sentral læreveg i kroppsleg læring.
Deltakarane i ei gruppe dannar også ei mening i ein aktiv grupperelasjon.
I møtet med dei andre finn dei målestokkar å samanlikne seg med, og dei tileignar seg eit språk (ord, uttrykk og forteljingar) som gir meining til å forstå situasjonen dei er i som rullestolbrukarar.
Kan ikkje fullstendig planleggast
Læring er eit dynamisk og usikkert prosjekt, og kan såleis ikkje fullstendig planleggast eller styrast.
Øyvind Standal poengterer i si forsking kor viktig det er å la lære.
Annonse
Det vil seie at ein fører ein form for ’fingrane-av-fatet’ pedagogikk. Pedagogar kan godt gi avkall på kontroll og makt, og heller bidra til læring gjennom å strukturere ressursane som allereie finst i alle praksisfellesskap.
- Rehabiliteringsarbeid har blitt utvida frå å vere ein reint medisinsk prosess til eit meir heilhetleg perspektiv. Rahabilitering omfattar no også pedagogisk arbeid, seier Standal.
- Doktoravhandlinga mi gir eit teoretisk grep om læringa som skjer i rehabilitering.
- Eg viser at rehabiliteringskurs er ei velkomen muligheit til å treffe andre i same situasjon, og at meiningsrelasjonar som oppstår mellom deltakarane er viktige ressursar for læring, avsluttar Standal.
Bakgrunn:
Øyvind Førland Standal vil fredag 12. juni forsvare avhandlinga ”Relations of meaning. A phenomenologically oriented case-study of learning bodies in a rehabilitation context” for graden Philosophia doctorae ved Seksjon for kroppsøving og pedagogikk, Norges idrettshøgskole