Annonse

Opnar forskingssenter innan Private Equity

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Onsdag 1. februar opnar NHH og Institutt for foretaksøkonomi Nordens første forskingssenter på feltet Private Equity. Senteret får namnet Argentum Centre for Private Equity, melder Paraplyen.

Argentum Centre for Private Equity si grunnleggjande målsetjing er klart formulert: Å produsera objektiv og uavhengig forsking av høg kvalitet om alle emne knytt til feltet Private Equity (aktiv eigarkapital, heretter forkorta til PE).

Senteret vert til etter eit felles initiativ frå NHH-forskarar og praktikarar i kapitalforvaltningsselskapet Argentum, som er spesialistar innan PE.

- Vi har samarbeidd med Argentum ei god stund. Det var selskapet sin leiar, Joachim Høegh-Krohn som tok opp spørsmålet om å etablera eit slikt senter, og vi har utvikla ideen vidare, seier førsteamanuensis Carsten Bienz ved Institutt for foretaksøkonomi.

 

Powered by Labrador CMS