Annonse

Nynorsk med Kristin

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Treng du å friske opp nynorskkunnskapen din? No kan du gjere det på nettet, i ditt eige tempo.

”Nynorsk med Kristin” er eit splitter nytt nettkurs der masterstudent i nordisk, Kristin Fridtun, guidar deg gjennom det nynorske språklandskapet på ein enkel måte. Ho er også kjent som tidlegare skihoppar og noverande spaltist i Dag og Tid.

Kurset er utvikla ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved NTNU. Det omfattar åtte nettleksjonar, der Kristin går gjennom hovudtrekka i nynorsken. Til kvar leksjon høyrer eit sett oppgåver som er utarbeidd av Språkrådet.

Tilbodet er i første rekke mynta på studentar. Det er fritt tilgjengeleg for alle, men passar best for ei litt vaksen målgruppe, det vil si frå vidaregåande skule og oppover.

Kurset finn du på instituttets nettsider. Du kan også laste det ned frå iTunes

Powered by Labrador CMS