Førekomstar av algegifter ser ut til å auke. Slike gifter kan skape ubehag og skadeverknader hos dei uheldige som får i seg giftig sjømat. Algegifta Yessotoxin (YTX), som i Noreg er funne i både blåskjel og kamskjel, kan vere ein potensiell risikofaktor ved inntak av skjelmat.
- Vi veit ikkje kva langtidsverknad YTX har på menneske, seier Mónica Suárez Korsnes ved Norges veterinærhøgskole (NVH).
Hun har forska på korleis YTX påverkar muskelcellelinjer frå mus og rotter.
- Vi veit at hjartet blir skada hos dyr etter at YTX er injisert i bukhola. Det er førebels ikkje registrert YTX-forgiftning hos menneske, men vi mistenkjer at eksponering over lang tid kan ha skadeverknader for personar som får i seg denne algegifta, seier Suárez Korsnes.
Målet for forskinga er å skaffe grunnleggjande forståing av korleis YTX verkar på cellene i kroppen. Suárez Korsnes har gjennom doktorgradsarbeidet sitt påvist at eksponering for YTX kan setje i gong ein slags programmert celledød, som på fagspråket blir kalla apoptose.
"Mónica Suárez Korsnes."
- Dette er ein metode kroppen bruker for å kvitte seg med uønskte celler. Nokre giftstoff, som YTX, ser ut til å kunne forstyrre denne naturlege mekanismen og på den måten skade organismar, forklarer Suárez Korsnes.
Kvalitetssikring av sjømat
Forståing av korleis algegifter kan påverke organismar er viktig for kvalitetssikring av sjømat og fornuftig forvaltning av marine ressursar. Auka kunnskap om algegifter kan føre til betre overvaking og tiltak som sikrar både forbrukarar, produsentar og eksportørar av sjømat.
Dei siste tiåra er det observert hyppigare førekomstar av algegifter i havet. Årsakene til dette kan vere spreiing av ulike artar av algar til nye farvatn via ballastvatn i skip. Andre årsaker kan vere auka tilførsler av næringsstoff frå land og via luft og nedbør.
Klimaendringar, skifte i havstraumar og økologiske endringar kan vere med på å forklare hyppigare førekomstar av algegifter.