Annonse

Lagar svarteliste over fuskestudentar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentar som er blitt tekne i fusk ved eitt universitet, kan ikkje lenger melda seg opp til eksamen ved eit anna universitet. Dei vil bli svartelista i eit nasjonalt utestengingsregister som Felles studentsystem ved USIT skal oppretta. Det opplyser utviklingsleiar Geir Magne Vangen til Uniforum.

Kunnskapsdepartementet har bede IT-avdelinga ved UiO, USIT om å laga eit eige utestengingsregister over alle studentar som er blitt tatt for fusk på eksamen. Departementet har løyvt rundt ein million kroner til arbeidet med registeret.

– Me har så vidt sett i gang med å planleggja utforminga av registeret, men me reknar med at det skal vera på plass i løpet av 2012, seier utviklingsleiar Geir Magne Vangen i Felles studentsystem ved USIT til Uniforum.

Fram til no har studentar som har blitt tatt for fusk under eksamen, kunna melda seg opp til ny eksamen i det same faget ved ein annan utdanningsinstitusjon utan at det blir oppdaga. I framtida vil alle utdanningsinstitusjonar utveksla slik informasjon gjennom dette utestengingsregisteret.

– Målet er at alle dei universiteta og høgskulane som blir knytte til registeret, enkelt vil finna ut om ein student er svartelista eller ikkje. Dei vil også finna ut kva typar fusk eller andre alvorlege ting studenten har gjort og ved kva institusjon vedkomande har utført dei, fortel Geir Harald Vangen.

Powered by Labrador CMS