Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.
Kan screening føreseie valdsrisiko?
Kan eit enkelt skjema brukast til å vurdere kva ungdomar som har risiko for å utøve vald? – Dette kan bidra til å gje ungdom i akuttinstitusjonar meir tilpassa hjelp, meiner forskar.
Eit viktig mål med screeninga er å førebygge og setje inn tiltak som kan forhindre valdshendingar.(Foto: Sonja Balci)
– Dei aller fleste ungdomar er ikkje valdelege. Men ungdom i akuttinstitusjonar er i ein veldig sårbar situasjon. Da veit vi at det også er ein høgare risiko for vald enn det som er vanleg elles i samfunnet, seier Anniken Laake.
Ho tok nyleg doktorgrad på OsloMet.
Laake har prøvd ut eit nytt screeningverktøy for å vurdere risikoen for at ungdomar på akuttinstitusjonar vil utøve vald.
– Det er lett å tenkje at vi er gode til å vurdere risiko for vald, særleg om vi har jobba mykje med psykiatri eller ungdom før. Men fakta er at vi ikkje er så veldig gode på det. Derfor treng vi støtte for å gjere gode vurderingar, seier Laake.
– Vi veit at viss ein ungdom er valdeleg, så har det ganske store konsekvensar, både for ungdommen sjølv og for dei som blir utsette for valden, seier forskar Anniken Laake.(Foto: Sonja Balci / OsloMet)
Screeninga kan hindre unødvendig inngripande tiltak
Eit viktig mål med screeninga er å førebygge og setje inn tiltak som kan forhindre valdshendingar.
– Vi veit at viss ein ungdom er valdeleg, så har det ganske store konsekvensar, både for ungdommen sjølv og for dei som blir utsette for valden. Så ein vil gjerne førebygge at det skjer, seier Laake.
Samtidig er det viktig at tiltaka er tilpassa den enkelte ungdommen.
Viss det er låg risiko for valdsbruk treng ikkje institusjonen å bruke tiltak som er meir inngripande enn nødvendig, for eksempel tvang.
– Vald eller aggressiv oppførsel er ofte ein av dei største årsakene til at det blir brukt tvang, og tvang er jo noko ein ser at kan ha motsett effekt på sikt, seier forskaren.
Laake meiner også at det kan spare ungdommane for nye utgreiingar og diagnostisering som ikkje er nødvendig.
Utfyllinga tok få minutt
Verktøyet Laake prøvde ut er eit skjema med tolv punkt, som dei tilsette skulle fylle ut når ein ny ungdom kom inn på institusjonen.
Utfyllinga tok mellom fem og sju minutt.
Dei tolv punkta som blir kartlagt
Tidlegare og / eller aktuell vald
Tidlegare og / eller aktuelle truslar om vald
Tidlegare og / eller aktuell rusbruk
Tidlegare og / eller aktuelle alvorlege psykiske symptom
Deretter registrerte dei eventuelle valdshendingar i løpet av tida ungdommen budde på institusjonen, for å sjå om risikovurderinga stemte.
Metoden blei prøvd ut i åtte akuttinstitusjonar for unge, halvparten innanfor psykisk helse og halvparten i barnevernet.
Til saman var 517 ungdommar med i utvalet som Laake forska på.
Det fungerte best på institusjonar for psykisk helse
Annonse
Forskinga viste ein god samanheng mellom risikovurderinga og kven som utøvde vald i dei psykiatriske institusjonane. På barnevernsinstitusjonane var ikkje samanhengen like sterk.
Forskjellen overraska forskaren.
– Vi tenkte i utgangspunktet at det kanskje var overlapp mellom ungdomane som er i desse institusjonane, fordi det er mange, også i barnevernet, som er psykisk sjuke, eller har psykiske symptom. Men vi såg nok at fleire av dei som var i barneverninstitusjonane, hadde mange risikofaktorar, seier ho.
Det kunne handle om komplekse problem som traume, tidlegare valdsbruk eller åtferdsforstyrringar.
Det kunne også komme av at dei to institusjonstypane ikkje var så like som forskaren hadde sett føre seg.
Medan psykiatriske institusjonar driv med behandling, kjem ungdom på barnevernsinstitusjon anten på grunn av utfordrande åtferd eller fordi omsorgssituasjonen ikkje er god nok.
Tiltaka er derfor retta inn meir mot omsorg enn helsehjelp.
Dei tilsette har også ulik bakgrunn. På institusjonar for psykisk helse har dei fleste helseutdanning og er kanskje i større grad vane med å bruke denne typen verktøy som er vanleg i psykiatrien, trur forskaren.
– Spør ungdom om eigne vurderingar
Eitt av punkta i skjemaet peika seg likevel ut:
– Viss ungdomane eller deira føresette blei spurt om kva dei sjølv tenkte om risikoen for at dei ville utøve vald, så stemte svaret godt med kva som faktisk skjedde under opphaldet.
Laake seier at samanhengen var signifikant, altså mest sannsynleg ikkje tilfeldig, men at institusjonane ikkje plar spørje om dette.
Annonse
Det har vore peika på som ein mangel i valdsrisikovurdering av ungdom, og med denne kunnskapen er det rom for å gjere betre vurderingar i framtida, meiner forskaren.
Tidlegare var det på same måte når ein vurderte risiko for sjølvmord. Behandlaren gjorde seg opp ei meining utan å spørje pasienten om kva dei sjølv tenkte.
– Ein fann så ut av at pasienten si eiga vurdering av sjølvmordsrisiko hadde stor verdi, og det er i dag vanleg prosedyre å spørje pasienten direkte om sjølvmordsrisiko og legge det til grunn i vurderinga. Det kan vere vi ser det same med tanke på valdsrisiko, seier Laake.
Forskarane prøvde ut eit nytt screeningverktøy for ungdom, kalla V-RISK-Y, for å vurdere risiko for valdeleg åtferd. Det er basert på liknande verktøy brukt på vaksne.
Verktøyet blei prøvd ut i åtte akuttinstitusjonar for ungdom, fire innanfor psykisk helse og fire barneverninstitusjonar.
Til saman 517 ungdomar mellom 12 og 18 år vart kartlagt med verktøyet.
Når ein ungdom kom til institusjonen fylte dei tilsette ut eit kartleggingsskjema med tolv punkt (sjå eigen faktaboks).
På bakgrunn av kartlegginga blei risikoen for vald vurdert som låg, moderat eller høg.
Mens ungdomane var på institusjonen registrerte dei tilsette eventuelle valdshendingar, slik at forskarane kunne samanlikne risikoen med om det faktisk oppsto valdsepisodar.