Forskarar ved Vestlandsforsking vil legge vekt på kvinner sine karrierar i teknologidrivne fagfelt dei neste fem åra. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Korleis vil teknologi påverke kvinner si karriereutvikling?
Publisert
Vestlandsforsking har fått tildelt Nordic Centre of Excellence finansiert av Nordforsk, og arbeidet starta opp 1. mars.
Dette skriv Vestlandsforsking om tildelinga:
Deltakarar i senteret er Vestlandsforsking i Sogn og Fjordane, Uppsala universitet i Sverige og University of Tampere i Finland. Saman skal institusjonane forske på kvinner i teknologidrivne fag og yrker dei neste fem åra. Senteret har fått namnet NORDWIT (Nordic women in technology).
– Vi er både glade og stolte over å vere vertskap for dette nordiske forskingssenteret saman med to universitet i Sverige og Finland, seier Merete
Lunde, direktør ved Vestlandsforsking. Forskarane i NORDWIT skal blant anna studere korleis den nye arbeidsmarknaden med auka digitalisering og teknologisering verkar inn på kvinner si karriereutvikling, seier Lunde.
Utgangspunktet for prosjektet er eit paradoks ein finn i dei nordiske landa, med færre kvinner dess høgare opp i dei forskingsrelaterte yrkeshierarkia ein ser. Skiljet finst på alle fagområde, men er særleg skarpt i teknologi og realfag. Forskarane vil legge vekt på kvinner sine karrierar i teknologidrivne fagfelt, i både forsking og innovasjon og i ulike sektorar.
– Det er framleis mange utfordringar på dette området, og det er ei ambisiøs oppgåve me gir oss i kast med. Det er difor utruleg kjekt og veldig spennande å få høve til å arbeide med dette temaet i fem år framover, seier Hilde G. Corneliussen, som skal leie Vestlandsforsking sin del av forskinga.
Corneliussen samarbeider tett med Carol Azungi Dralega ved Vestlandsforsking. Begge er seniorar med lang erfaring på forskingsfeltet dei skal fordjupe seg i.
Sogn og Fjordane som levande lab
Universitetet i Uppsala har den overordna leiinga av prosjektet, medan forskarane ved Vestlandsforsking har ansvar for forskinga på kvinner si plass innan innovasjon i distrikta.
– Vi tek sikte på å bruke Sogn og Fjordane som eit «levande laboratorium», ikkje minst fordi dette er eit fylke utanfor dei store kunnskaps- og forskingssentera ein finn i byar med større universitet. Det er interessant å sjå på kva slags støttestrukturar fylket har for kvinner som vil skape noko nytt, seier Dralega.
Forskarane set stor pris på å ha med seg sentrale aktørar i regionen. IT-forum Sogn og Fjordane, Sogn Næring, Sognefjorden Næringshage, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane (USHT), Innovasjon Norge og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane står alle på lista over dei regionale aktørane som har uttrykt si støtte til prosjektet.
– Vi ser fram til å samarbeide med og lære frå desse aktørane dei neste fem åra. Vi håper sjølvsagt også at vi saman med desse støttespelarane kan gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsfylke for likestilling i forsking og innovasjon, seier Corneliussen.