Annonse

200 år i teneste for folket

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Universitetet i Oslo blei til etter ei folkegåve. Det kan vera ein av grunnane til at universitetet alltid har hatt nær kontakt med politikarar og vanlege folk, seier John Peter Collett. Han er hovudredaktør for historieverket om Noregs første universitet, Universitetet i Oslo 1811-2011.

– Det mest interessante er å sjå kor store delar av Noregshistoria som er tett samanvoven med universitetshistoria. Universitetet har heile tida tatt på seg store oppgåver for den norske staten og for det norske folket. Det har vore ein nasjonal institusjon som har vore avhengig av løyvingar frå staten, peikar han på.

Powered by Labrador CMS