Når gode råd er dyre

Å vere nyutdanna lærar i skulen, er ingen dans på roser. Det veit Sissel Østrem, som no prøver å finne fram til tiltak som kan hjelpe nyutdanna lærarar med praksissjokk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Læraryrket handlar om å vere saman med andre menneske, og mange lærarstudentat saknar å lære meir om dette i utdanninga. Difor prøver Sissel Østrem ved Universitetet i Stavanger (UiS) å finne svar på kva som kan gjerast for å betre overgangen mellom utdanning og yrke.

I 2001 starta ho eit forskingsprosjekt saman med førsteamanuensis Elaine Munthe frå Senter for åtferdsforsking ved UiS, og no bruker Østrem materiale frå dette prosjektet i ei doktorgradsavhandling.

Trenger rettleiing

- Det var fælt å føle seg hjelpelaus i ein klasse med 28 elevar. Å vere ein tydeleg klasseleiar var det første eg måtte lære meg, fortel Anja Wiik, lærar ved Giske ungdomsskule i Sandnes.

Ho er ein av mange lærarar som fekk eit såkalla praksissjokk då ho som nyutdanna fekk jobb i ungdomsskulen. Overgangen frå skulebenk til klasserom var større enn ho hadde førestilt seg.

- Å ta omsyn til 28 menneske på same tid, var ei kjempeutfordring. Eg måtte lære meg å skjære gjennom og ta kontroll. Det var tøft, fortel ho.

For å takle dei mange utfordringane som nyutdanna lærar utan erfaring, fekk ho tilbod om rettleiing det første året i ny jobb.

Ikkje åleine

- Eg trengte tryggleik. Eg måtte føle meg trygg på at det eg gjorde var riktig, og at eg ikkje var åleine om å sakne kontroll. Gjennom rettleiing fekk eg diskutert løysingar med nokon som forstod meg, og som kunne sjå problema mine med andre auge, seier Wiik.

Rettleiinga fekk ho frå Sissel Østrem, universitetslektor ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk ved UiS. Saman med kollegaene Brit Hanssen, Lars Helle og Nina Helgevold har Østrem samarbeida med fleire kommunar i fylket om rettleiing av nyutdanna lærarar.

- Dei nyutdanna lærarane melder sine behov til oss. Dette diskuterer vi så på eit møte kvar månad. Døma som blir diskutert er henta frå konkrete situasjonar som den nyutdanna har opplevd, fortel Østrem.

Kvart år er det om lag 20 nyutdanna lærarar som får tilbod om rettleiing. I tillegg til eit møte kvar månad, får dei nyutdanna også rettleiing på e-post og på telefon.

Mange avbrot

Ein av grunnane til at Østrem har satsa på rettleiing av nyutdanna lærarar, er dei erfaringane ho har gjort seg gjennom mange år som både lærar, lærarutdannar og forskar.

I 2001 starta ho eit forskingsprosjekt saman med førsteamanuensis Elaine Munthe frå Senter for åtferdsforsking ved UiS. Samarbeidsprosjektet fekk tittelen «Frå høgskulestudent til yrkesutøvar» og blei avslutta i 2004.

Østrem bruker no materiale frå dette prosjektet i doktorgradsavhandlinga si.

- Eg ser på lærarutdanninga gjennom intervju med studentar det siste året. Eg vil finne svar på kva for arbeid det er snakk om i læraryrket, og kva lærarane gjer når dei underviser. Då brukar eg og videoobservasjonar av lærarar som underviser.

- Å vere lærar, handlar i grunnen om å vere førebudd på at alt kan skje, seier ho og forklarer nærmare:

- Læraryrket er prega av avbrot. Ved å planleggje timane og ved å vere engasjert i stoffet og i elevane, kan ein unngå nokre av desse. Men relasjonane mellom elevane og kva den enkelte elev har med seg i skulesekken, kan ein ikkje gjere like mykje med.

Levande menneske

Avhandlinga si har Østrem kalla «Ei umogleg utdanning til eit umogleg yrke?». Eit viktig poeng i avhandlinga er det menneskelege aspektet i læraryrket.

- Det å vere lærar, handlar om å vere saman med andre menneske. Mange av studentane saknar å lære meir om dette i utdanninga. Ofte klarer dei ikkje å sjå korleis dei skal bruke faga i skulen. Det blir for mykje repetisjon av fag og for lite menneskekunnskap, seier Østrem.

I forskinga si prøver Østrem å finne svar på kva som kan gjerast for å betre overgangen mellom utdanning og yrke.

- Eg har tru på at studentane må få bruke sine eigne erfaringar og opplevingar i større grad enn no. Alle har jo gått på skulen, så studentane har mange meiningar om kva ein god lærar er. Dette er noko lærarutdanninga kan nytta meir enn andre profesjonsutdanningar, seier ho.

- Lærarutdanninga må også lære studentane å bli glad i fag, slik at dette kan smitte over på elevane. Læreplanar og reformer må dessutan ta omsyn til at elevar og lærarar er levande menneske og ikkje robotar. Det er umogleg å følgje opp alle krava som kjem, meiner Østrem.

Flyktar frå yrket

For Anja Wiik på Giske ungdomsskule var rettleiinga etter utdanninga det som gjorde at ho fann den tryggleiken ho trengte for ikkje å forlate yrket.

- Eg kjenner mange med meg som har vurdert å slutte på grunn av praksissjokk. Ingen av oss var førebudde på at det skulle kome. Der og då er det lett å bli frustrert og sint, seier ho.

Sjølv om ein ikkje kan førebu seg på alt som skjer i skulen, meiner Wiik det burde vore meir fokus på overgangen frå student til lærar i lærarutdanninga. Sissel Østrem er einig.

- I nokre statar i USA er det om lag halvparten av alle lærarar som sluttar i yrket og aldri kjem att. I dag er det eit internasjonalt problem både å rekruttere og behalde gode lærarar i skulen. Med rettleiinga av nyutdanna lærarar prøver vi å unngå dette, men mykje kan gjerast før studenten kjem så langt, seier Østrem.

Satsing i Gjesdal

Dette skuleåret skal Stavanger og Gjesdal samarbeide med UiS om rettleiing av nyutdanna lærarar. Tidlegare år har Hå, Sola, Sandnes og Suldal vore med.

Skulesjef i Gjesdal kommune, Jone Haarr, har stor tru på prosjektet, der opp mot 15 lærarar frå fem skular i hans kommune skal med.

- Når ein er ferdig med lærarutdanninga, er ein likevel ikkje klar som lærar. Ein må gjere seg eigne erfaringar og lære av dei som har vore i skulen lenge. I andre yrke er ein mykje flinkare til å følgje dei nyutdanna. Dette vil vi no gjere noko med i Gjesdal, seier han.

Ein fin gevinst av samarbeidet mellom UiS og kommunane er at kvar kommune får utdanna eigne rettleiarar i prosjektet.

- Vi vel ein mentor på kvar skule som held fram med rettleiing når UiS trekk seg tilbake. På den måten får vi utdanna eigne rettleiarar som kan hjelpe nyutdanna lærarar også i åra som kjem. Dette ser vi på som ei viktig framtidig satsing for Gjesdal kommune, seier Haarr.

Vil ha svar

Sissel Østrem er ikkje i tvil om at både dei nyutdanna lærarane og lærarstudentane treng meir tryggleik i sitt virke som lærar.

- Dei har mange spørsmål dei vil ha svar på. Dei er usikre på enkeltelevar, på rolla som klasseleiar, på grensesetting, karaktersetting og tilpassa opplæring. Mange vil også vite korleis dei kan gjere undervisinga meir praktisk, fortel Østrem og held fram:

- I tillegg til det å ha kontroll i klasserommet, vil dei også kjenne seg trygge på kva som står i reglar og retningslinjer.

- Dei vil også vite meir om lese- og skrivevanskar, praktisk matematikk, samarbeidet mellom skule og heim, framandspråklege elevar og elevar med ADHD. Dei saknar også meir kunnskap om den Pedagogisk Psykologiske Tenesta og Kunnskapsløftet, fortel ho.

- Vi må gjere det vi kan for å gi dei svar på spørsmåla dei har, slik at dei kan kjenne seg trygge på si eiga rolle som lærar når dei til slutt står åleine i klasserommet, seier Østrem.

Sissel Østrem, Brit Hanssen og Elaine Munthe er også med i eit forskingsprosjekt rundt profesjonsutdanning og profesjonsutøving.

Prosjektet heiter Nyutdanna lærarars meistring av yrket og er eit samarbeids-prosjekt mellom UiS, Senter for Profesjonsstudiar (HiO) og Høgskulen i Volda (HiVo).

Prosjektet var eit av to prosjekt frå UiS som nyleg fekk middel frå Forskingsrådet sitt program Praksisretta FoU i grunnopplæring og lærarutdanning.

Powered by Labrador CMS