Annonse

Praksis på luksushotell i Dubai

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentar ved Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger (UiS) kan no ta praksisen sin på verdas einaste sju stjerners hotell. UiS og Emiratenes Academy of Hospitality Management i Dubai skal nemlig samarbeide om studentutveksling.

The Emirates Academy of Hospitality Management er ein del av den suksessrike Jumeirah-gruppa, som mellom anna er eigar av det verdskjente luksushotellet, Burj Al Arab. Gjennom ein samarbeidsavtale om studentutveksling skal studentar frå UiS no kunne ta praksisen sin på luksushotella i Jumeirah-gruppa.

- Gjennom denne avtalen vil studentane våre kunne vere ti veker i praksis på det som blir rekna som nokre av verdas aller flottaste luksushotell. Når studentane er i Dubai skal dei bu på akademiet, som ligg like ved Burj Al Arab. I tillegg til praksis på hotella skal dei også ta nokre fag på akademiet, fortel studiekoordinator Ingebjørg Solvig ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

Det er studentar som tek bachelor i hotell- og reiselivsleiing ved UiS som no kan ta femte semester i Dubai. Dei fyrste studentane som får dra må pakke koffertane allereie i sommar. Kvart år er det om lag fire studentar som vil få moglegheit til å vere seks månader i turistmetropolen.

Powered by Labrador CMS