Annonse
Representantar frå Språkrådet og NHH på oppstartsmøtet 25. januar 2016. (Foto: NHH)

NHH vald som mønsterpraksismodell for parallellspråk

Høgare utdanning har som strategisk mål å bli meir internasjonalisert. Samstundes er det eit viktig språkpolitisk mål å ta vare på norsk fagspråk. Korleis kan vi foreine desse to måla?

Dette var tema då Språkrådet og Norges handelshøyskole (NHH) dro i gang prosjektet “Parallellspråkbruk i universitets- og høyskolesektoren” 25. januar.

Bakgrunnen for at nettopp NHH er vald som mønsterpraksismodell, forklarer Åse Wetås, direktør i Språkrådet slik:

– Vi har vald NHH fordi vi meiner at NHH har svært gode føresetnadar til å gi prosjektet luft under vengene. NHH ligg langt framme i internasjonaliseringsarbeidet. I tillegg har handelshøgskulen eit godt fagmiljø innan terminologi og kommunikasjon.

Målet med prosjektet er å skape større medvit om og forståing av termen parallellspråkbruk og av korleis slik bruk kan gjennomførast for å skape ei formålstenleg fordeling av engelsk og norsk i dei ulike kommunikasjonssituasjonane ved institusjonane i universitets- og høgskulesektoren. Prosjektet skal òg styrke nordisk språksamarbeid om parallellspråkbruk i sektoren.

Powered by Labrador CMS