Dei ser vindturbinane frå kjøkkenvindauget, på veg til jobb eller på stranda.
Energianlegg som produserer straum er kontinuerleg til stades i liva til orknøyingane.
Neil Gordon Davey forskar på kvardagslivet nær energianlegg som del av doktorgraden sin ved OsloMet. Han bruker også kamera og fotografering i forskinga.
Davey viser at folk ikkje berre meiner noko om turbinar og anna energiinfrastruktur, dei lever med dei, tolkar dei og tilpassar seg ulikt til dei.
Vi tilpassar oss ofte på våre eigne måtar
– Energiutviklinga er nyansert og svært stadspesifikk, framhevar Davey, som legg vekt på at menneske er tilpassingsdyktige.
Nokre finn praktisk meining i det: Turbinblada blir til dømes vêrsignal og landemerke. Ein rask kikk på rotasjonsretninga fortel kvar vinden og neste regnbye kjem frå.
Andre gir turbinar personlegdom: Dei får namn, blir omtalt som naboar, eller som noko ein balanserer i hage og utsyn.
Kroppen kan også vere med: Éin deltakar sumde på rygg i takt med turbinblada. Dette viser korleis infrastrukturen blir erfaring, ikkje berre utsjånad.
Tre typar responsar
Det kan handle om korleis vi opplever miljøet rundt oss.
Til dømes korleis vindturbinar og annan energiinfrastruktur passar inn i landskapet og korleis lys og plassering påverkar det vi ser. Det kan også handle om korleis folk endrar vanar og måten dei ser på omgjevnadene.
Det kan også dreie seg om emosjonelle reaksjonar: Stoltheit, håp, irritasjon, sorg – ofte samtidig. Meininga er ikkje fast. Ho blir skapt i møta, om og om igjen.
Det kan dessutan vere kroppslege erfaringar, frå symjing og turgåing til å bruke turbinar som visuelle anker i landskapet.
Kva har det å seie at turbinane er nær?
Det har dukka opp svære turbinar så nær som om lag 600 meter frå bustader. Dermed er dei så nær at dei er synlege for dei som bur der nesten kontinuerleg.
Frå øya Sanday skildrar Davey korleis dei raude luftfartslysa påverkar nattesynet:
– Det kan vere veldig uroande. Vakre utsyn blir brått kryssa av raude linjer, nesten som strobeeffekt, over vatnet og heilt opp i hagen. Det kjennest som det kjem inn i huset, seier han.
Annonse
Funn frå Orknøyane viser at folk utviklar eigne, ofte kreative strategiar for å sameksistere med anlegga. Men dei peikar òg mot spørsmålet om kven som bør tilpasse seg kven.
Bør slike anlegg leggjast nær der folk bur, med byrdene de kan innebere? Eller bør planlegging, utforming og fordelingsmodellar endrast slik at byrdene blir mindre og gevinstane meir rettferdig delte?
Luftfartslysa på vindturbinane påverkar nattesynet og utsikta.(Foto: Neil Gordon Davey)
Manglande utsikt til rettferd
Orknøyane blir ofte framstilt som ein grøn føregangsstad, med høg synleg energiproduksjon. Men dei lokale har ofte lite nytte av anlegga, få påverknadsmogelegheiter og energifattigdom som held seg høg.
Dei som bur der har ofte ikkje råd til betre energiforsyning. Dei må betale uforholdsmessig mykje for lys og varme i høve til inntekta dei har.
– Om Orknøyane får fleire turbinar og meir av anna energiinfrastruktur som folk ser kvar dag, må noko gjerast med fordelane til lokalsamfunnet, seier Davey.
Dei lever gjerne i gamle og trekkfulle hus, og er avhengige av dyr gass eller dyr straum. Øyane har høge energiprisar.
– Eg sat hos folk som hella bøtter med kol i omnen, og andre som kløyvde ved på kjøkkengolvet fordi det var for vått ute, med utsikt til fem turbinar som potensielt produserer straum til 10.000 heimar på ei øy med 500 innbyggjarar, seier forskaren.
– Det er ei urettferd der, vil mange meine.
Med kamera som samtalestartar
Innbyggjarane dokumenterte sine eigne møte med energianlegg og delte bilete og refleksjonar med forskaren.
– Bilete utløyser samtalar og kjensler. Når vi ser på deltakarane sine foto, kan dei straks vende tilbake til korleis dei kjende det akkurat då, noko vanlege intervju ofte ikkje fangar, seier Davey.
Annonse
Han legg til at dagens visuelle konsekvensutgreiingar ofte vert gjorde frå utvalde punkt, ikkje frå stovevindauget, kjøkkenet, pendlarruta eller stranda der folk går tur med hunden.
Slike erfaringar bør inn i metodane, meiner han.
Her kan vi sjå at utsynet vert sterkt påverka av energiinfrastruktur.(Foto: Neil Gordon Davey)
Kan dette vere relevant i Noreg?
Debattar om vindkraft, kraftlinjer og solparkar handlar ofte om kilowattimar, naturinngrep og juss.
Davey si forsking viser at omstillinga óg er kulturell, sanseleg og sosial.
– Det viktigaste vi kan gjere annleis i planlegginga, er å integrere erfaringsbaserte metodar som tek utgangspunkt i det folk faktisk ser, føler og gjer i kvardagen mykje tidlegare, og halde fram med det gjennom heile prosessen, seier han.
Han seier at dersom tiltak faktisk reduserer energikostnader, aksepterer folk dei lettare.
Neil Gordon Davey på utstillinga som gjekk inn i prosjektet hans.(Foto: Veronica Sønsteby)
Korleis ta meir omsyn til innbyggjarane?
Korleis kan ein då ta meir omsyn til folk som bur i nærleiken, og gje dei påverknadsmogelegheiter?
Davey trekkjer fram dette:
Bruk bilete aktivt i medverknad: La innbyggjarar dokumentere eige landskap før, under og etter utbygging, og drøft løysingar med utgangspunkt i desse bileta.
Ta den visuelle kvardagen på alvor: Vurder ikkje berre om det er pent eller stygt, men korleis anlegget blir møtt i rutinar, rørsler og identitet.
Lokal energi‑rettferd: Knyt synlege inngrep til konkrete lokale gevinstar som eigarskap, nytte og tiltak, og vis korleis dei kan fordele seg lokalt.
Arbeid med plassering, aksar, lys og siktlinjer i tett dialog med dei som bur nærast.
Det kan vere bra med delte rom for tolking: Opne utstillingar, lyd‑ og bileteforteljingar eller vandringar i landskapet kan bygge felles forståing og tillit.
Forsking på oppleving av energiutvikling på Orknøyane
Over 900 turbinar frå små til industrielle, i nokre tilfelle om lag 600 meter frå bustader, på ei øygruppe med 22.000 innbyggjarar.
Det finst også marine energifasilitetar og infrastruktur for olje- og gassindustri.
Forskingsmetode: Deltakande fotografi over om lag eitt år, intervju der foto vert brukte som utgangspunkt. 15 deltakarar, over 1.300 foto frå over 80 stader, og ein offentleg multimediell utstilling.