Annonse

Kronikk: Immunsystemet - din naturlege fastlege

I dag er det immunologien sin dag. I alle europeiske land vert dagen markert gjennom å framheve immunsystemet si rolle ved AIDS, fugleinfluensa og vaksineutforsking. I denne kronikken freistar Elling Ulvestad å forklare kvifor og korleis immunologi vedkjem oss alle.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Folk veit godt kva immunitet inneber, sjølv om dei aldri har høyrt ordet. Lenge før byrjinga av vår tidsrekning visste folk at når dei hadde hatt ein smittsam sjukdom fekk dei han ikkje att.

Og dersom ein i dag nemner ordet vaksine, skjønar endåtil born at immunologi har noko å gjere med korleis kroppen forsvarar seg mot smittestoff.

Mange, særleg dei som fylgjer med i media, veit også at vaksinasjon er immunologien sitt viktigaste bidrag til folkehelsa, og at den fyrste vaksinen som vart teken i almen bruk, koppevaksinen frå 1796, førte til at den frykta sjukdommen koppar vart utrydda i 1979.

Hesteserum

Medan vaksiner vert gitt for å minske risikoen for å bli sjuk, behandlar helsevesenet i dag pågåande infeksjonssjukdom med antibiotika. Slike medikament kom ikkje i vanleg bruk før etter den andre verdskrigen, og dei som vart fødde tidlegare hugsar at dei måtte behandlast med hesteserum dersom dei vart sjuke av til dømes difteri, ein sjukdom som skuldast eit giftstoff laga av difteribakteriar.

Antiserumet vart laga ved at ein fyrst vaksinerte hestar med giftstoffet. Når hestane hadde laga nok antistoff, tappa ein ut hesteblodet og reinska ut serumet som ein så gav til dei sjuke. Dei tilførte antistoffa i hesteserumet nøytraliserte difterigifta og gjorde pasientane friske, men nokre fekk ein farleg og frykta immunologisk reaksjon mot hesteserumet, serumsjukdom.

Det var tyskaren Emil von Behring som i 1890 viste at serumbehandling mot difteri var effektiv, og for dette fekk han den fyrste nobelprisen i medisin i 1901.

Hundeløp for livet

Kor viktig denne oppdaginga var skjønar ein når ein vert kjend med historia bak det årlege Iditarod-hundeløpet frå Ancorage til Nome i Alaska. Løpet skal minne oss om ei hending som fann stad vinteren 1925 etter at det hadde brote ut ein difteriepidemi i Nome.

Det var snøstorm og nærare 60 kuldegrader, og verken fly eller båt kunne ta seg fram. Den einaste hjelpa ein kunne håpe på var å få fram serum med hundesledar frå Ancorage, ein by som ligg omlag 1825 km sydaust for Nome. Ved å køyre dag og natt i over ei veke klarte hundesledane å nå målet og dermed vart mange liv redda.

Ein behandlar framleis difteri med serum. Men sidan dette er blitt ein sjeldan sjukdom grunna vaksinering, er det i dag oftast pasientar med andre lidingar som får serumterapi.

Ein brukar serum frå hest, men serum frå menneske som har hatt bestemte sjukdomar kan også nyttast. Antistoff kan også lagast kunstig ved hjelp av bioteknologiske metodar. Ein kan endåtil få plantar, som til dømes tomatar og poteter, til å produsere antistoff mot visse smittestoff, og doktoren kan kanskje ein dag i nær framtid forordne “ein genmodifisert tomat tre gongar dagleg” til pasientar med bestemte sjukdommar!

Immunsystemet angrip kroppen

Folk flest merkar knapt nok at dei har eit immunsystem. Men for den aukande delen av befolkninga som møter kvar vår med eit nys, vert immunsystemet svært nærverande.

Allergi mot pollen er ein av våre nye folkesjukdommar, og skuldast at immunsystemet feiltolkar ufarlege partiklar som om dei var trugande. At immunsystemet ikkje berre fremjar helsa, men at det tvert imot kan skape sjukdom, vart lenge ignorert og fornekta av vitskapen.

Til dømes var det fyrst på slutten av 1950 talet at ein aksepterte at immunsystemet kunne angripe eigen kropp, på same måte som det angrip bakteriar og virus. Denne erkjenninga førte til at omgrepet autoimmun sjukdom kunne brukast som forklaring på kvifor lidingar som ledgikt, sukkersjuke og multippel sklerose kunne oppstå.

Lever vi for hygienisk?

På same måte som hjernen treng mentale utfordringar for å modnast, treng immunsystemet stimulerande utfordringar frå smittestoffa. Ein trur no at den auka førekomsten av allergiske og autoimmune sjukdommar skuldast at folk lever for hygienisk; at dei ikkje får i seg nok bakteriar og virus som kan bidra til å “utdanne” immunsystemet.

På sett og vis kan ein hevde at den medisinske vitskapen, gjennom fokus på reinsemd og vern mot smittsame sjukdommar, har lagt høva til rette for framvekst av nye sjukdommar i immunsystemet. Dette kan være rett, men ein må også hugse på at andre sider ved omgjevnaden vår har endra seg vel så mykje dei siste femti åra.

Til dømes er vi no meir innomhus, kosthaldet vårt er svært annleis enn det var berre for eit par tiår sidan, og miljøet er meir forureina.

Medan vi har lite kunnskap om kva for bakteriar og virus som bidreg til å utvikle immunsystemet vårt, veit vi relativt mykje om mikroorganismar som bryt det ned.

AIDS

Då dei fyrste pasientane med AIDS vart undersøkt på byrjinga av 1980 talet, vart det raskt konstatert at dei var smitta med det nyoppdage humane immunsvikt viruset (HIV), og at HIV gav immunsvikt ved å drepe dei cellene som er ansvarlege for immunforsvaret.

Dersom ikkje HIV hadde hatt den eigenskapen at det øydelegg immunsystemet ville viruset truleg vært relativt ufarleg. Resultatet av det sviktande immunsystemet hjå pasientar med HIV ser vi mest dagleg på fjernsyn og i aviser, og i mange afrikanske land er immunsvikt den leiande årsaka til død hjå unge menneske.

Sett i eit slikt perspektiv kan det for den uinnvigde synast underleg at ein ikkje alt har produsert ei vaksine mot HIV.

Vaksine mot HIV?

At dette ikkje har lukkast skuldast ikkje mangel på innsats, tvert imot. Men for å lage gode vaksiner treng ein to typar kunnskap - korleis mikrobene evnar å framkalle sjukdom og korleis verten sitt immunforsvar fungerer.

Og sjølv om vi veit nesten alt som er verd å vite om HIV, veit vi framleis lite om verten sitt forsvar. Denne siste påstanden kan synest underleg sett i lys av kor mykje immunologane faktisk kan om dei ymse molekyla og cellene som byggjer systemet.

Men argumentet kan gjerast meir forståeleg dersom vi ser problemet utifrå korleis delar passar inn i ein heilskap; ei samling lause tannhjul og visarar utgjer ikkje ei klokke, og tilsvarande vil ikkje molekyl og celler som gjer dette eller hint kunne kallast eit immunsystem.

Som nemnt hadde immunologane inntil nyleg lita forståing for kor viktig omgjevnaden vår er for utdanninga av immunsystemet, og framleis er mykje uavklart når det gjeld i kva grad immunsystemet har utvikla seg for å meistre spesielle tilhøve i historisk tid.

Ein skal hugse på at immunsystemet til dei fyrste menneska utvikla seg for meir enn 150 000 år sidan, i ei tid då menneska budde saman i små grupper på 10 til 100 personar. Dei levde i ei tid som var svært ulik vår; mellom anna hadde dei andre typar smittsame sjukdommar, dei levde utan sanitæranlegg og svært få vart gamle. Kunnskap om korleis immunsystemet vaks fram og korleis denne framveksten la grunnlaget for utvikling av sjukdom hos dei som lever i dag er nærast fråverande.

Evolusjonsbiologane kjem

Min spådom er at evolusjonsbiologane etter kvar vil få ei langt meir framtredande rolle når det gjeld utforskinga og dermed forståinga av immunsystemet.

Dei evolusjonsbiologiske faga har i seg ei anna forståande tilnærming til kva som er rett og galt enn kva den medisinske vitskapen har.

Medan medisinarar samanliknar sjuke med friske individ for å finne ut korleis dei skil seg frå kvarandre, samanliknar biologane korleis artane og grupper av skapningar skil seg frå kvarandre, samstundes som dei prøver å finne ut korleis dei ulike artane er bundne opp i det miljøet dei utvikla seg i.

Dermed kan sjukdom forklarast som ein konsekvens av ulikt utviklingspress. Eit slikt utvida perspektiv der ein ser livet si utvikling i tid og rom kan gi oss mykje ny kunnskap og forståing, og er truleg naudsynt for å forklare kvifor immunsystemet i aukande grad feilar.

Powered by Labrador CMS