Utfordrar geiterådgjeving
Utmarksbeite og svak fôring har mykje mindre å seie for mjølkekvaliteten hos geit enn ein tidlegare har trudd.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er ein førebels konklusjon etter det første året med forsøk for å få betre geitmjølk til osteproduksjon.
– Vi må sjå med nye augo på rådgjevinga i geitmjølksnæringa, meiner forskarane Ingjerd Dønnem ved UMB og Håvard Steinshamn ved Bioforsk Økologisk.
Dei siktar til det høge fokuset på sterk fôring for å unngå negativ energibalanse og problem med frie feittsyrer (FFS) og beisk smak på mjølka, særleg utover på utmarksbeite.
– Eg trur ikkje det gjer noko for kvaliteten på mjølka om geita går ned litt i vekt i begynninga av den perioden geita gjev mjølk, seier Dønnem.
I rådgjevinga har det vore slått fast at det er ein samanheng mellom fôrstyrke og kvaliteten på mjølka.
“Geiter som går ned i vekt vil svært ofte produsere mjølk med lågt tørrstoffinnhald, beisk smak og høgt innhald av frie feittsyrer”, heiter det i rådgjevinga som tilrår auka kraftfôrnivå og betre grovfôr for å betre mjølkekvaliteten.
– Det er dette vi med bakgrunn i våre forsøksresultat, tillet oss å stille ein del spørsmål ved, seier Dønnem.
Dønnem og Steinshamn meiner at ein burde kunne produsere geitmjølk av god kvalitet med mindre karbohydraholdig kraftfôr. I dag er kraftfôrprosenten svært høg.
Mobilisering av kroppsfeitt er bra

I Dønnem sin doktorgrad arbeidde ho etter hypotesen at mykje frie feittsyrer i geitemjølka skuldast negativ energibalanse.
– Det viste seg å vere heilt motsett, seier Dønnem, og legg til at ho sjølv vart svært forundra over resultata.
Undersøkinga viste at høgt fôropptak, positiv energibalanse og avleiring av kroppsfeitt auka problema med frie feittsyrer og beisk smak. Den beste mjølka vart produsert av geiter med lågare fôropptak.
Geitene som mjølka delvis basert på feittreservar dei hadde bygd opp før ho starta å mjølke, hadde betre mjølk enn geitene som la på seg etter at dei starta å mjølke. God fôring gjennom vinteren og våren reduserte heller ikkje problemet på fjellbeite om sommaren, snarare tvert i mot.
Doktorgradsresultata peikar meir mot at det kan vere gunstig at geitene hadde godt hold ved kjeing, og dermed nok kroppsfeitt å tære på gjennom mjølkeperioden.
Ku er ikkje geit
Mjølk med beisk smak på grunn av høgt innhald av frie feittsyrer er eit kjent problem både hos ku og geit. Hos ku blir mjølka beisk når dyra får underskot på energi og må tære på reservane av kroppsfeittet.
– Men geit er ikkje ku, og ein kan truleg ikkje slik utan vidare overføre resultata frå eit dyreslag til eit anna. Det viser både mine og Dønnem sine resultat, seier Håvard Steinshamn.
Han vart også overraska over kor tydelege resultata var.

– Vi har hatt ein teori på at problemet med frie feittsyrer aukar utover sommaren på utmarksbeite, men vi fann at mjølka hadde lågt nivå av frie feittsyrer og ingen forskjell mellom godt innmarksbeite og utmarksbeite verken tidleg eller seint i beitesesongen, seier Steinshamn.
Han trur problemet med frie feittsyrer i mjølka har meir å gjera med stadiet i mjølkeperioden (laktasjonsstadiet) ei geit er i, enn med beitet.
– I vårt beiteforsøk hadde vi geiter i midtlaktasjon (omlag fem månader) både tidleg og seint i beitesesongen for å unngå blande saman effekten laktasjonsstadium og tid i beitesesongen.