Annonse

Gjer geofaga i Noreg eit solid løft

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På bakgrunn av geofagevalueringa frå 2011, kjem det no ein oppfølgingsrapport i regi av Forskingsrådet. Nye midlar skal gi geofaga i Noreg eit solid løft i åra framover, skriv Forskningsrådet.

Evalueringa viste at kvaliteten på forskinga i geofaga er generelt god. Geofag dekkjer eit stort spekter av fag som dreier seg om planeten Jorda – inkludert atmosfæra.

Innanfor felta klimaforsking, meteorologi og atmosfæreforsking, marin geologi og -geofysikk og petroleumsforsking, er norske miljø internasjonalt leiande.

Men fagfeltet har også store utfordringar, mellom anna knytt til leiing og strategi, og i år vil Forskingsrådet lyse ut 30 millionar kroner for å gi fagmiljøa eit løft. Søknadsfristen vil vere 15. oktober 2014 og utlysinga blir klar tidleg på hausten.

Powered by Labrador CMS